desember 12, 2023

Fredag 1. desember var det representantskapsmøte i Sunnmøre regionråd. På møtet var det m.a. innlegg ved fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal Toril Hovdenak. Ho snakka om utfordringar og moglegheiter i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har oppgåver som samfunnsutviklar, myndigheitsutøvar, demokratisk arena, tenesteleverandør og arbeidsgjevar. Hovdenak vist til at fylkeskommunen sine økonomiske rammer er betydeleg innstramma framover, slik at forventningane må dempast. Hovdenak peika på demografi som ei av dei største utfordringane for fylket, og at ein i framtida må lære å løyse oppgåver med færre folk. Ein må omstille seg for å levere kompetanse på områda der det trengst.

Frå representantskapet vart m.a. kommentert at avstanden mellom det som skjer politisk i fylkeskommunen og i kommunane er for stor.

Hovdenak meinte at fylkeskommunen og kommunane burde samarbeide meir om planarbeid. Eit viktig fokus er demografi og utanforskap og tiltak knytt til desse utfordringane.

På bildet held fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak innlegg for representantskapet i Sunnmøre regionråd om utfordringar og moglegheiter i Møre og Romsdal.

Representantskapsmote nr. 3 2023