januar 31, 2024

Sunnmøre regionråd arrangerer Arena Sunnmøre fredag 9. februar kl. 09.00-15.30 på Color Line Stadion i Ålesund. Temaet er «Framtidsbilete om helse- og velferdstenestene i kommunane».

Målgruppa for arrangementet er formannskapa, ordførarane, kommunedirektørane og kommunalsjefane for helse- og velferd i deltakarkommunane. Mørebenken på Stortinget og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er invitert til møtet.

På møtet vert det m.a. følgjande innlegg:

  • Eit land i endring – Kommunescenario 2040. Ved Håvard Moe, KS Konsulent
  • Tankar om korleis partane saman skal utvikle og planlegge tenestene i kommune og spesialisthelseteneste. Ved Olav Lødemel, administrerande direktør i HMR HF

Det vert dialog i grupper om framtida:

1. Kva mener de blir dei største utfordringane når det gjeld å skape gode helse og omsorgstenester i åra som kjem i din kommune?

2. Kva konkrete tiltak og strategiske grep må din kommune jobbe med og gjennomføre i denne kommunestyreperioden for å vere rusta for dei utfordringane som no kjem i alle kommunar?