desember 6, 2023

Vegforum (arbeidsgruppe for Rv15) hadde tirsdag 5. desember 2023 møte med Opplandsbenken på Stortinget om Rv15 Strynefjellsvegen. Vi tok opp spørsmålet om planleggingsmidler der vi har sendt krav om 7-10 mill. kr.

Det var viktig å følge opp denne saka som vi også hadde møte med Mørebenken på Stortinget om 14. november d.å. Statsbudsjettet skal vedtakast komande veke og finansdebatten kjem 11. desember.

Presentasjonen vert sendt også til Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

På øverste bildet er f.v. Jan Ove Tryggestad (Stranda kommune), Svein Sunde (Gode Vegar), Einar Arve Nordang (ordførar Stranda kommune) og Per Kjøllesdal (ordførar Stryn kommune).

På nederste bildet er Per Kjøllesdal, Edel Kveen (ordførar i Lom kommune) og Jan Tormodsæter (dagleg leiar i Maritim foreining for Søre Sunnmøre).

Med på møtet var også Bjarne Holø (Nord-Gudbrandsdal interkommunalt politisk råd) og Jan Kåre Aurdal (dagleg leiar i Sunnmøre regionråd).

Mote Vegforum 05.12.23 bilde 1
Mote Vegforum 05.12.23 bilde 2