november 21, 2023

Dagleg leiar i Sunnmøre regionråd møtte 14. november Mørebenken på Stortinget. Han tok opp fleire saker, m.a. Rv. 15 Strynefjellet, Runde Miljøsenter og Svor- museet i Hornindal (Volda kommune).

Saka om Sunnmøre soningssenter vart også drøfta. På møtet vart ein samd om å presentere nye planar i den saka i eit eige møte den 27.11.2023. Mørebenken og medlem av Justiskomiteen på Stortinget Else Marie Rødby (Sp) vert invitert til dette møtet.

Bilde 1
Bilde 2
Bilde 3 1