• Hjem
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Samferdsel og helse tema for paneldebatten i samband med valet
august 29, 2023

Sunnmøre regionråd arrangerte politisk paneldebatt på Pir i Ålesund 25. august. Tema for debatten var helse og samferdsel. Styreleiar i Sunnmøre regionråd Vebjørn Krogsæter ønskte velkomen. Han sa at Sunnmøre regionråd inviterte stortingspolitikarane frå Mørebenken til debatt fordi ein som regionråd ønskjer å utvikle regionen Sunnmøre.

Krogsæter peika på at gode vegar er naudsynt for å få gode kommunikasjonar mellom kommunane. Han stilte spørsmål om kvifor det skjer lite når det gjeld statleg vegbygging på Sunnmøre.

Når det gjaldt helse viste Krogsæter m.a. til at kommunane er avhengig god samhandling med dei statlege helseføretaka. Han sa at det er relevant å invitere Mørebenken til debatt sjølv om det er lokalval.

Politisk redaktør i Sunnmørsposten Jan Erik Røsvik leia debatten.

Debatten om samferdsel handla om fjordkryssingsprosjekt i fylket (m.a. Møreaksen), Rv. 15 Strynefjellet, investeringar på E136, vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane og Stad skipstunnel.

Når det gjaldt helse handla debatten om eldreomsorg, bemanningsutfordringar i helsetenestene og investeringar i spesialisthelsetenestene.

På bildet: F.v. debattleiar Jan Erik Røsvik (Smp.), vidare debattantane Geir Inge Lien (Sp), Geir Ove Leite (Ap), Helge Orten (H), Birgit Oline Kjerstad (SV) og Sylvi Listhaug (FrP)

Paneldebatt 25.08.23