• Hjem
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Arbeidsverkstad om regional planstrategi og ny fylkesplan                          
juni 12, 2023

Møre og Romsdal fylkeskommune er i gang med rullering av det regionale plansystemet, og skal utarbeide ny regional planstrategi og ny fylkesplan. Kommunane er ein viktig part i dette arbeidet. På representantskapsmøtet i Sunnmøre regionråd 9. juni inviterte fylkeskommunen til ein arbeidsverkstad med kommunane for å få til god medverknad.

Arbeidsverkstaden var eit gruppearbeid der kommunane deltok ved ordførar eller varaordførar.

Gruppene fekk til oppgåve å drøfte kva som er dei viktigaste utfordringane for samfunnet Møre og Romsdal dei neste 10 – 15 åra.

I gruppearbeidet vart det peika på utfordringar for Møre og Romsdal mellom anna når det gjeld demografisk utvikling, mangel på arbeidskraft, utanforskap, sentralisering, klima- og miljø, mangel på energi og etterslep på vedlikehald av fylkesvegar.

På bildet f.v.: Fagleiar regional planlegging Gry Halvorsen og fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm i Møre og Romsdal fylkeskommune leia arbeidsverkstaden på representantskapsmøtet i Sunnmøre regionråd

Bilde representantskapsmote nr. 2 2023