Sunnmøre regionråd deltok på fylkesvegkonferansen på Stranda 20. april. Vedlikehaldsproblematikk og etterslepet på fylkesvegnettet var utgangspunktet for konferansen. Fylkesveg 60 frå Røyrhus bru til Grodås, med humpar og kular i vegbana, vart nytta som døme.
Næringslivet, og særleg då transportnæringa, var sterkt representert på møtet. Dei var utolmodige etter å få ny veg. Rambøll la fram eit forslag om at ein må greie ut eit tilnærma nullalternativ, med opprusting av gamlevegen, men dette vart ikkje tatt godt imot av næringslivet.
Under debatten mellom fylkespolitikarane var det eit klart krav at det må kome løyvingar til fylkesveg 60 i revidert statsbudsjett eller på statsbudsjett for neste år.
På bildet: Panelsamtale med fylkesordførarkandidatar