• Hjem
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Høyringssvar til Energikommisjonen sin rapport
april 13, 2023

Sunnmøre regionråd har sendt høyringssvar til Energikommisjonen sin rapport NOU 2023: 3 Mer av alt – raskere.

I høyringssvaret skriv Sunnmøre regionråd at ein er einig med Energikommisjonen i at det er naudsynt med utbygging av fornybar energi og energieffektivisering. Noreg har mange naturressursar ein kan ta i bruk, og kan bygge eit robust kraftsystem med konkurransedyktige prisar.

Sunnmøre regionråd understrekar i høyringssvaret at utbygginga av miljøomsyn må gjerast så skånsam som mogleg. Å bygge ut mykje fornybar kraft på kort tid kan medføre store naturinngrep. Auka prosesskontroll til kommunane vert viktig. Samstundes må dette gjerast på ein måte som effektivt nyttar den sakshandsamingskapasiteten som er etablert hjå NVE.

Energikommisjonen viser til at kommunane må få ei aktiv rolle i utviklinga av energibruk.
Kommunane er ein sentral energiaktør då dei er plan og bygningsmyndigheit, er storforbrukar av
energi i kommunale bygg, eig over halvparten av produksjonskapasiteten for vasskraft og eig lokale
og regionale kraftnett.

Sunnmøre regionråd kommenterer i høyringssvaret kommunane sine ulike roller som energiaktørar.

Høyringssvaret kan ein lese her: https://sunnmoreregionrad.no/wp-content/uploads/2023/03/Hoyringssvar-fra-Sunnmore-regionrad-Offentleg-hoyring-av-NOU-2023-3-1.pdf