mars 21, 2023

Fredag 17. mars var det representantskapsmøte i Sunnmøre regionråd i Ulsteinvik. Møtet var del av ei lunsj-lunsj samling frå torsdag-fredag med tema næringsliv og samferdsel. På møtet presenterte m.a. fylkesvaraordførar og leiar av samferdselsutvalet Kristin Sørheim økonomiske utfordringar som rammar næringsliv og samfunnsliv i Møre og Romsdal. Fylket taper på ekspertutvalet sitt forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunane, som gir ei omfordeling av rammetilskot.

Nasjonal transportplan (NTP) 2025-2036 var også tema på møtet.

Bilde representantskapsmote 17.03.23
På bildet: Fylkesvaraordførar og leiar av samferdselsutvalet Kristin Sørheim presenterte økonomiske utfordringar som rammar næringsliv og samfunnsliv i Møre og Romsdal.