• Hjem
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Konseptvalutgreiing for rv. 658 mellom Ålesund og Vigra
mars 13, 2023

Samferdselsutvalet har vedteke at det skal gjennomførast ei konseptvalutgreiing for rv.658 mellom Ålesund og Vigra. Statens vegvesen har fått i oppdrag å gjennomføre utgreiinga. Den skal vere ferdig til hausten.

Ei brei samansett referansegruppe frå aktuelle kommunar og Sunnmøre regionråd er invitert til å kome med innspel til saka.

Ei båtrute frå Valderøy til Ålesund kvart 30. minutt eller like hyppige bussavgangar er to av alternativa som er aktuelle. Dette vil dempe trafikken gjennom Ålesundstunnelane i framtida.

Det vert fleire møter før det vert lagt fram eit endeleg forslag som Regjeringa skal ta ei endeleg stilling til neste år.

Konseptvalutgreiing for Rv. 658
Bildet viser deltakarar på møtet i referansegruppa 9. mars 2023. Møtet fann stad på NMK i Ålesund.