• Hjem
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Felles styremøte med Romsdal IPR og Nordmøre IPR
november 7, 2022

3. og 4. november 2022 hadde Sunnmøre Regionråd felles styremøte med Romsdal Interkommunalt Politisk Råd (IPR) og Nordmøre Interkommunalt Politisk Råd (IPR). Møtet fann stad på Åndalsnes.

På møtet vart det drøfta ei rekkje saker.

Statnett ved direktør Regionale planer Anne Sofie Ravndal Risnes orienterte om utviklinga av kraftsystemet i Møre og Romsdal. Ho peika på total kapasitetsheving i transmisjonsnettet som ei utfordring. Konsernsjef i Tafjord Erik Espeset vurderte kraftsituasjonen i fylket. Han viste til at nettet ikkje er det største problemet, men å fylle nettet med nok fornybar energi til ein fornuftig pris.

Direktør for samfunn, velferd og demokrati i KS Helge Eide orienterte om kva framlegget til statsbudsjett for 2023 betyr for kommuneøkonomien. Han viste til at det er eit meget stramt budsjett og at kjøpekrafta til kommunane vert redusert.

Geir Vinsand frå NIVI Analyse heldt eit innlegg om utfordringsbildet for kommunane i Møre og Romsdal. Han peika på at tenestebehovet innan pleie og omsorg er sterkt aukande. Vinsand meinte kommunane burde samarbeide om utviklingskompetanse og ikkje stå ålene i oppgåveløysinga. Han tok til orde for at kommunar i samarbeid kan etablere kompetansesenter for tenesteutvikling, samt kompetansesenter for plan og samfunnsutvikling.

Rådgivar Guri Kaurstad Skrove frå Møre og Romsdal fylkeskommune orienterte om status for Møre og Romsdal 2025. MR2025 er eit program der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal samarbeider for å styrke regionen.

Prosjektleiar Siri Hollingsæter Stene orienterte om Digi Møre og Romsdal. Prosjektet har som mål å etablere eit regionalt samarbeid om digitalisering.

Leiar for samferdeselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune Kristin Sørheim heldt eit innlegg om Nasjonal transportplan (NTP) 2025-2036.

Mote Andalsnes 3. 4. november 2022
Ordførar Yvonne Wold ønskte velkomen til Rauma.