• Hjem
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Forlanger at tilskotsordningar frå Husbanken vert oppretthalde
november 2, 2022

Sunnmøre Regionråd har sendt ein uttale vedkomande kutt i tilskotsordningar frå Husbanken i samband med regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2023. 

I uttalen står det at å kutte investeringstilskot til sjukeheimar og heildøgns omsorgsplassar med 2-3 månaders varsel ikkje er føreseieleg og vil sette mange kommunar i ein svært vanskeleg situasjon. 

Det vert også vist til at kuttet i tilskot til anskaffing av utleigebustadar i stor grad vil råke dei mest vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Heile uttalen kan du lese her.