28. oktober var det representantskapsmøte på Runde Miljøsenter. Hovudtemaet på møtet var forureining og avløpsreinsing.
Etter nasjonale føringar skal alle avløpsanlegga i den enkelte kommune oppfylle forurensingsforskrifta sine reinsekrav slik at ein når miljømåla innan 2027, og seinast innan 2033.
Møre og Romsdal er det fylket som har størst andel som ikkje oppfyller reinsekrava eller kor oppfylling av reinsekrav er ukjent. Å oppfylle reinsekrava vil krevje administrative og økonomiske ressursar, politisk vilje og fleire tiltak i avløpsanlegga.
I drøftinga i representantskapet kom det forslag om at staten kunne setje av eit fond til avløpsreinsing.
På møtet var det innlegg om temaet frå Linda Aaram (miljøverndirektør i Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal), Henrik Stensønes (leiar for vassregionutvalet i Møre og Romsdal) og Jenny Ullgren (forskar ved Runde Miljøsenter).