Sunnmøre Regionråd har sendt ein uttale vedkomande manglande tilskot til Runde Miljøsenter og Atlanterhavsparken i Ålesund i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2023
Både Runde Miljøsenter og Atlanterhavsparken skaper interesse for og formidlar kunnskap om livet ved og i havet. Begge er tett på næring og forsking. Formidlarrolla deira gjer at vi og framtidige generasjonar får betre forståing for korleis ein kan auke verdiskapinga frå havet på ein berekraftig måte. Dei er soleis ikke berre besøkssenter for natur, men viktige bidragsytarar for marine og maritime næringar på Sunnmøre.
Regionrådet forventar på denne bakgrunn at Stortinget og regjeringa finn plass til tilskota til Runde Miljøsenter og Atlanterhavsparken i endeleg budsjettvedtak.