Sunnmøre Regionråd arrangerte 29. juni og 30. september 2022 digitalt møte med Frivillighet Norge om frivilligpolitikk og frivilligplan.
2022 er frivilligåret, og er forankra i regjeringa si Frivillighetsmelding. På Sunnmøre er det førebels berre Vanylven kommune som har frivilligplan.
Frivillighet Norge sende 19. mai ut invitasjon til kommunane i Møre og Romsdal om samarbeid om å etablere eller vidareutvikle ein heilskapleg frivilligpolitikk i dialog med dei lokale, frivillige foreiningane. 16. juni sende Frivillighet Norge brev til kommunane i Møre og Romsdal vedkomande kartlegging av frivilligheita i kommunane.
Hensikta med møta med Frivillighet Norge 29. juni og 30. september var at kommunane skulle få meir kunnskap om korleis dei kan utvikle frivilligpolitikk og lage frivilligplan.