27. februar var representantskapet i Sunnmøre regionråd samla til møte i Sula rådhus. Alle 15 deltakarkommunane i Sunnmøre regionråd var representert på møtet.
Blant sakene som vart drøfta var omorganiseringa av Sunnmøre regionråd frå interkommunalt selskap (IKS) til interkommunalt politisk råd (IPR) og strategi for Sunnmøre regionråd IPR.
Interkommunalt samarbeidet var også sak på møtet. Ass. statsforvaltar Rigmor Brøste peika i sitt innlegg m.a. på at kommunane bør ta ein naboprat om forsterka interkommunalt samarbeid.

På bildet: Deltakarar på representantskapsmøtet samla i trappa i Sula rådhus
Foto: Sunnmøre regionråd