februar 11, 2025

Dei interkommunale politiske råda (IPR) i Møre og Romsdal var 6.-7. februar samla til felles møte på Campus Kristiansund.

Ordførarane samla seg om to felles utspel: Eitt der ein uttrykker bekymring for konsekvensane økonomien i Helse Møre og Romsdal HF kan få for tenestetilbodet, og eitt utspel om at omstilling og tenesteutvikling i kommunane krev eit visst økonomisk handlingsrom.

Styreleiar og adm.dir. i Helse Møre og Romsdal HF, statsforvaltar Else-May Botten og fylkesordførar Anders Riise deltok på møtet.

Elles på programmet var informasjon om og omvisning på Campus Kristiansund og Fagskolen i Møre og Romsdal sine nye lokale, ein rundtur på Vestbase med fagleg innlegg frå NorSea og innlegg fra Kjetil Thorsen og Amund Skiri om KBK og rolla klubben spelar på Nordmøre.

Ordforarmote i Kristiansund 6. 7. februar 2025

På bildet: Ordførarar i Møre og Romsdal samla i trappa på Campus Kristiansund.
Foto: Sunnmøre regionråd