Geir Vinsand i Nivi Analyse AS har utarbeidd ein rapport om interkommunalt samarbeid
på oppdrag frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. For å møte samfunnsutfordringar
vert det i rapporten teke til orde for eit breiare og meir oversiktleg organisert interkommunalt samarbeid.
Vinsand anbefalar fire faste kommuneregionar som grunnlag for samarbeid om teneste- og samfunnsutvikling. Han peikar i rapporten på regionråda som naturleg arena for strategiske diskusjonar.
Statsforvaltaren har laga ein film med Geir Vinsand der han på 10 minutt oppsummerer utfordringar og moglegheiter knytt til interkommunalt samarbeid i Møre og Romsdal.
Rapporten og filmen om rapporten finn ein her: