2. desember var det representantskapsmøte på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund.
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS) ved styreleiar Per Erik Dalen og dagleg leiar Tom Anker Skrede heldt innlegg på møtet om utvikling av reiselivet på Sunnmøre.
DÅS peika på at kommunane må vere med i destinasjonsselskapet for at medlemsbedriftene skal vere ein del av strukturen i DÅS, Fjord Norway og Visit Norway. Medlemmane i DÅS er soleis avhengige av kommunane for å ta del i det store marknadsarbeidet og det lokale og nasjonale fellesskapet.
DÅS viste til at reiselivsnæringa er den 5. største næringa på Sunnmøre målt i sysselsetting. Det er ei utfordring å skape heilårige arbeidsplassar. For å lukkast med det er næringa avhengig av å få med investorar.
DÅS kom med innspel til kommunane om å invitere til dialog i reiselivssaker, legge langsiktige planar for reiselivssatsinga i kommunen og delta på møte med næringa. Dei peika på at næringskontora i
kommunane kan vere eit viktig bindeledd for medlemmane i DÅS.
I drøftinga i representantskapet vart det trekt fram at reiselivsnæringa skaper arbeidsplassar, marknadsfører regionen og er viktig for bustadattraktivitet.
