november 16, 2022

Måndag 14. november 2022 hadde dagleg leiar i Sunnmøre Regionråd Jan Kåre Aurdal møter på Stortinget med Olaug Bollestad og Per Vidar Kjølmoen. Bollestad er partileiar i KrF og medlem av Helse- og omsorgskomiteen, medan Per Vidar Kjølmoen (Ap) er representant frå Møre og Romsdal og andre nestleiar i Næringskomiteen.

Aurdal tok opp saka om statleg lånegaranti til fullfinansiering av utbygging av Ålesund sjukehus. Det vert jobba frå fleire hald for å få eit flertall på Stortinget til å få garantien på plass. Dessverre ser det ikkje så lyst ut då regjeringa stoppar all ombygging/renovering på alle sjukehus. Ein veit likevel ikkje kva som skjer i budsjettforhandlingane mellom regjeringa og SV. Desse forhandlingane er no i gang og vil vare utover i november.

Aurdal tok også opp saka om tilskot til Runde Miljøsenter og Atlanterhavsparken. Regjeringa
foreslår i framlegg til Statsbudsjett for 2023 å stryke dei øyremerka tilskota (kap. 1420 post 85 Besøkssenter for natur og verdensarv) frå Klima og miljødepartementet til Runde Miljøsenter (5,5 mill. kr.) og Atlanterhavsparken i Ålesund (1,1 mill. kr.)

Sunnmøre Regionråd har skrive ein uttale og klart uttrykt forventning om at tilskota kjem med i endeleg budsjettvedtak. Aurdal fekk signal om at tilskota til Atlanterhavsparken og Runde Miljøsenter kan bli vidareført, men at det ikkje er avklart.

Bilde Per Vidar Kjolmoen
Per Vidar Kjølmoen og Jan Kåre Aurdal
Bilde Olaug Bollestad
Olaug Bollestad og Jan Kåre Aurdal