Stad skipstunnel vart prioritert i Sunnmøre regionråd sitt høyringssvar til Møre og Romsdal fylkeskommune i samband med Nasjonal transportplan (NTP) 2025-2036.
Regjeringa foreslo i forslaget til statsbudsjett for 2026 å stanse arbeidet med Stad
skipstunnel. Eit fleirtal på Stortinget har imidlertid bestemt at Kystverket får sluttføre
forhandlingane med dei som har levert tilbod om å bygge skipstunnelen.
Det er sett ned ei innsatsgruppe som skal arbeide for Stad skipstunnel fram mot ei avgjerd i samband med revidert nasjonalbudsjett. Innsatsgruppa skal arbeide strategisk, samla og målretta for å løfte kunnskapen om prosjektet og sikre finansiering. Gruppa skal jobbe dedikert opp mot Stortinget.
Sunnmøre regionråd deltek i innsatsgruppa saman med Fjordane regionråd, representantar frå kommunar nord og sør for Stad, næringsforeiningane i Ålesund og Sogn og Fjordane, Maritimt Forum og Kystrederiene.
Dagleg leiar Sverre Øvrelid Steen i Sunnmøre regionråd er nestleiar i innsatsgruppa.
