november 16, 2025

På møtet 5. november fekk representantskapet m.a. ei orientering frå ordførar og kommunedirektør om korleis Sykkylven integrerer næringslivet i utviklings- og omstillingsarbeidet.

Møtet fann stad i Næringsfabrikken, som er ein HUB for næringsutvikling i Sykkylven. Kommunen har kontor der, og inviterer eksterne dit, men er ikkje økonomisk involvert. Mot slutten av møtet var det omvisning i Næringsfabrikken. Den held til i lokala til tidlegare Hjellegjerdefabrikken, har eit areal på heile 26800 kvadratmeter og huser 52 bedrifter.

Sykkylven kommune har eit robust men sårbart næringsliv. Kommunen er kjend for møbelproduksjon. Lokal industri har fokus på teknologi og høg kompetanse. Det er 840 som pendlar ut av kommunen og vel 600 som pendlar inn. Storfjordsambandet er eit viktig samferdselsprosjekt for Sykkylven kommune.

I Sykkylven kommune er samarbeidet med næringslivet satt i system. Næringsteamet (etablert i 2022) består av kommunedirektør, ordførar, kommunalsjef samfunn, dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling og programleiar i Omstillingsprogrammet.  Det er næringsfokus i administrasjonen. Kommunestyret vert informert to gongar i året om næringsaktiviteten.

Sykkylven kommune vart i 2024 nominert som årets næringslivskomune i kategorien små kommunar. Sykkylven kommune har status som omstillingskommune i perioden 2021 -2026, og deltek i eit tettstadprosjekt i fylket.

Omstillingsmidlane har gitt kommunen moglegheiter til å dele ut midlar til prosjekt saman med eigne midlar Det har vore satsa mykje på kommunesentrum, m.a. er det mogleg å teste konsept i butikklokale som ein del av tettstadprosjektet. 

Sykkylven Næringsutvikling AS (52% kommunalt eigd) er næringsapparatet i kommunen. Her finn ein m.a. SkaparLINKEN Cowork og HoppID-kontoret.

Sykkylven Industri- og næringslag er veldig aktivt, og eig Sykkylven Næringsutvikling AS saman med kommunen. Dei arbeider med rammevilkår for næringslivet og rekruttering, og arrangerer teknologifestival.

Sykkylven kommune er opptatt av å kjenne til næringslivet sine behov og legge til rette for næringsutvikling. Fleire næringar er i dialog med Sykkylven kommune om etablering, m.a. innan landbasert oppdrett.

Bilde fra representantskapsmote i Sykkylven kommune 05.11.25

På bildet: ordførar Olav Harald Ulstein og kommunedirektør Torbjørn Emblem i Sykkylven kommune orienterer representantskapet i Sunnmøre regionråd om korleis kommunen integrerer næringslivet i omstillings- og utviklingsarbeidet.