Styremedlem Monica Molvær er vald inn på Stortinget for perioden 2025-2029, og har fått innvilga fritak som varaordførar i Ålesund kommune ut inneverande valperiode 2023–2027. Ny varaordførar i Ålesund kommune Jessica Gärtner tek over Molvær sin plass i styret i Sunnmøre regionråd.
Kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven har ein felles styremedlem. Styremedlem Ann-Kathrin Storøy (ordførar i Herøy kommune) går ut av styret, medan Bernt Brandal (ordførar i Hareid kommune) går inn som nytt styremedlem.
Styret i Sunnmøre regionråd vert etter dette:
Styremedlemmar:
Styreleiar Kenneth Langvatn (ordførar i Giske kommune)
Nestleiar Sølvi Dimmen (ordførar i Volda kommune)
Styremedlem Terese Jemtegård Moen (ordførar i Fjord kommune)
Styremedlem Håkon Lykkebø Strand (ordførar i Ålesund kommune)
Styremedlem Bernt Brandal (ordførar i Hareid kommune)
Styremedlem Vebjørn Krogsæter (ordførar i Haram kommune)
Styremedlem Jessica Gärtner (varaordførar i Ålesund kommune)
Varamedlemmar:
1. vara Lena Landsverk Sande (varaordførar i Vanylven kommune)
2. vara Jarle Strømmegjerde (varaordførar i Sykkylven kommune)
3. vara Tove Halse Digernes (varaordførar i Ørsta kommune)
4. vara Einar Arne Ekroll (varaordførar i Sande kommune)
5. vara Lisa Mari Breivik Anderson (varaordførar i Ulstein kommune)
