• Hjem
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Omstilling tema på Arena Sunnmøre 2025
september 2, 2025

Sunnmøre regionråd inviterer ordførarar og formannskap, samt kommunedirektørar og andre frå kommuneadministrasjonane, til å samlast på Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik fredag 19. september kl. 10.00-16.00. Temaet på samlinga er ««Regionalt krafttak for omstilling i kommunane».

Bakgrunnen for val av tema er at mange kommunar på Sunnmøre står i ein svært krevjande økonomisk situasjon og har store omstillingsbehov. På samlinga vil vi kaste lys over følgande spørsmål:

– Kan kommunane lære noko av næringslivet når det gjeld omstilling?
– Kva gjer kommunar som lukkast med omstilling?
– Kva rolle spelar teknologi og innovasjon i omstilling?
– Kan interkommunalt samarbeid eller kommunesamanslåing vere ein del av løysinga?
– Korleis kan aktørar innan forsking og utdanning bidra til omstilling i kommunane?
– Kva er den politiske rolla i omstilling?

Nedanfor finn ein heile programmet.

Program for Arena Sunnmore 2025 2 pdf