Representantskapsmøte om helsetenester
Fredag 18. mars var sunnmørskommunane samla til møte med Helse Møre og Romsdal (HMR). Både Sunnmøre Regionråd (SR) og HMR er opptatt av samarbeid til det beste for at innbyggarane skal motta gode helsetenester. Då er det viktig med god dialog, begge vegar. På møtet vart det teke opp fleire tema. Mellom anna orienterte HMR om utviklingsprosjekt knytt til sjukehusa. Det går etter planen med utbygging og vedlikehald på sjukehusa, noko som er med på å gjere tenestene betre og meir effektive.
Frå venstre på bildet: Viseadm. dir. i HMR Heidi Nilsen, leiar av representantskapet i SR Knut Erik Engh, kommunikasjons- og samhandlingsdir. i HMR May-Helen Molvær Grimstad, dagleg leiar i SR Jan Kåre Aurdal og samhandlingssjef i HMR Eli Otterlei