På ordførarsamlinga 6. juni hadde vi besøk av statssekretær i Kunnskapsdepartementet Julie M. Remen (bildet). Ho snakka om nasjonale politiske føringar for utvikling av kompetanse i barnehage og skule.
Dei nye føringane inneber eit større lokalt ansvar i forhold til å utvikle gode barnehagar og skular i regionen. Remen peika på at formålet med dei nye føringane er at barnehagar og skular skal få kompetanse der det er behov.
Departementet forventar at barnehage og skule er flinke til å identifisere slike behov . Dei forventar også at lokal høgskule skal samarbeide med kommunane i større grad enn før, vere kompetansetilbydar, og inngå partnarskap om barnehage -og skuleutvikling med kommunane. Den nye inneber også eit konstruktivt samarbeid mellom kommunar i regionale nettverk.