• Hjem
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Fagdag om ny læreplan i skulen frå 2020
mars 18, 2019
Fagdag

Onsdag 6. mars var det ei stor samling på Gomerhuset på Skodje for leiarar i skular og kommunar på nordre Sunnmøre i regi av Sunnmøre regionråd Oppvekst.
Arrangementet samla 160 deltakarar frå alle kommunar på nordre Sunnmøre. Målet for samlinga var å gi kunnskap om den nye læreplanen og inspirere til å arbeide vidare med det som er dei største endringane. Elin Bonde, som arbeider tett med Utdanningsdirektoratet om dei nye fagplanane i K2020, gav mykje nyttig kunnskap om fagfornyinga og nyttige innspel til vidare arbeid i skular og kommunar. Ein nyttig og lærerik dag!