• Hjem
  • /
  • Nyheter
  • /
  • Representantskapsmøte i Sunnmøre Regionråd
februar 18, 2019

15. februar var det representantskapsmøte i Sunnmøre Regionråd (SR) med tema helse og sjukehus. Bakgrunnen for møtet var dei vedtekne helsekutta i Helse Møre og Romsdal (HMR).

På møtet deltok frå kommunane ordførarar, varaordførarar og rådmenn. Adm. dir. i Helse Midt-Norge RHF (HMN) Stig Slørdahl innleia møtet med ein presentasjon av HMN. Verdiane til HMN er tryggheit, respekt og kvalitet. Ambisjonen i HMN sin Strategi 2030 er ei framifrå helseteneste.

Slørdahl snakka om berekraft og ressursbruk i spesialisthelsetenesta. Regional utviklingsplan vart vedtatt i 2018. Ei hovudutfordring er at ein ikkje kan forvente at økonomi og tilgangen på personell vil stige like mykje som auken i behov. Å fortsette som i dag er ikkje eit alternativ.

Adm. dir. i Helse Møre og Romsdal HF (HMR) Espen Remme snakka om utvikling og utfordringar i HMR. Han viste til at å skape pasienten si helseteneste betyr at helsetenesta må endre seg når det gjeld kultur, haldningar, organisering og leiing. HMR har over mange år brukt meir pengar enn inntektene gir grunnlag for. Lønn utgjer 70% av kostnadane. Helsetenestetilbodet, kompetanse og infrastruktur vert for tungt for økonomien i helseføretaket.
Frå kommunane kom det mellom anna tilbakemelding om at kommunane må takast med i endringsprosessane og at tempoet i prosessane må takast ned.

Til slutt i møtet var det ei orientering om Helseplattformen. Helseplattformen skal anskaffe og innføre ny, felles pasientjournal ved sjukehus og kommunar i heile Midt-Norge. Alle kommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag har opsjonsavtale knytt til Helseplattformen.
Styreleiar i SR Jan Ove Tryggestad overrekte på møtet adm. dir. Stig Slørdahl i HMN ei fråsegn frå SR der ein mellom anna ber om at det i samband med etablering av Helseplattformen AS vert vurdert desentraliserte arbeidsplassar lokalisert i Ålesund.

På biletet, ståande frå venstre: adm. dir. HMR Espen Remme, styreleiar HMR Ingve Theodorsen, adm. dir. Stig Slørdahl i HMN og styreleiar SR Jan Ove Tryggestad

Representantskapet