januar 29, 2019
Møte med mørebenken

Bildetekst: På møtet deltok frå Mørebenken (frå venstre): Helge Orten (H), Vetle Wang Soleim (H), Jan Steinar Engeli Johansen (FrP), Steinar Reiten (KrF), Fredric Holen Bjørdal(Ap) og Geir Inge Lien (Sp).

28. januar møtte representantar frå Sunnmøre Regionråd (SR) Mørebenken (på Stortinget) for å ta opp saker av betydning for Sunnmørsregionen som SR ønskjer at Mørebenken skal trykke på i.

Møtet fann stad på Atlanterhavsparken i Ålesund. På saklista stod helsekutt i Helse Møre og Romsdal HF, nytt fengsel på Sunnmøre, bypakke og byvekstavtale for Ålesund kommune, samt nedgradering av Ørsta/Volda trafikkstasjon.

Styreleiar i Sunnmøre Regionråd Jan Ove Tryggestad (ordførar i Stranda kommune) og varamedlem i styret Jørgen Amdam (ordførar i Volda kommune) innleia til saka om helsekutt i Helse Møre og Romsdal. Kuttforslaga i Helse Møre og Romsdal har skapt eit stort politisk engasjement på Sunnmøre og i fylket. Fordelinga av midlar i Helse Midt-Norge, skjerming av pasientane for helsekutta, konsekvensar av kutta for dei kommunale tenestene og faren for fogderistrid i fylket var blant tema som vart drøfta.

Styremedlem i Sunnmøre Regionråd Dag Olav Tennfjord (ordførar i Skodje kommune) innleia på saka om nytt fengsel på Sunnmøre (Sunnmøre soningssenter). Det er bekymring for at nytt fengsel trekker ut i tid. Det manglar prosjekteringsmidlar til vidare framdrift i arbeidet. Konseptvalutgreiing (KVU) for Vestlandet er venta i april 2019.

Varaordførar Tore Johan Øvstebø i Ålesund kommune innleia på saka om bypakke og byvekstavtale i Ålesund kommune. Bypakken er eit viktig regionalt utviklingsprosjekt. Ålesund kommune arbeider for å få til ein byvekstavtale der staten bidreg til å finansiere viktige tiltak i byregionen.

Ordførar i Ørsta kommune Stein Aam innleia på saka om nedgradering av Ørsta/Volda Trafikkstasjon. Det er bekymring for at trafikkstasjonen skal verte nedgradert. I ein konsulentrapport på oppdrag frå departementa er Ørsta/Volda Trafikkstasjon i Hovdebygda foreslått kraftig nedgradert og gjort om til sørviskontor. Dersom dette vert ein realitet må brukarane reise til Ålesund for gjennomføring av førarprøver innan MC og tunge køyretøyklasser, i tillegg til utføring av myndigheitskontroll for alle køyretøy. Mørebenken gav tilbakemelding om at det er venta ein rapport frå Vegdirektoratet i mai 2019, med politisk handsaming i etterkant.