Selskapsavtale

Selskapsavtale for Sunnmøre regionråd IKS.

§ 1 Selskapet sitt namn og kontorstad 
Selskapet sitt namn er Sunnmøre Regionråd IKS. Selskapet skal ha hovudkontor på NMK-bygget i Ålesund.

Selskapet er oppretta med heimel i lov om interkommunale selskap av 29.01.1999, og er eit eige rettssubjekt.

§ 2 Deltakarar i selskapet
Medlemmar i selskapet er kommunane:
Fjord kommune Organisasjonsnr.: 921 891 687
Giske kommune Organisasjonsnr.: 964 980 721
Haram kommune Organisasjonsnr.: 829 912 252
Hareid kommune Organisasjonsnr.: 964 979 278
Herøy kommune Organisasjonsnr.: 964 978 840
Sande kommune Organisasjonsnr.: 822 534 422
Stranda kommune Organisasjonsnr.: 964 980 098
Sula kommune Organisasjonsnr.: 964 980 543
Sykkylven kommune Organisasjonsnr.: 964 980 365
Ulstein kommune Organisasjonsnr.: 964 979 456
Vanylven kommune Organisasjonsnr.: 964 978 662
Volda kommune Organisasjonsnr: 939 760 946
Vestnes kommune Organisasjonsnr.: 939 901 965
Ørsta kommune Organisasjonsnr.: 939 461 450
Ålesund kommune Organisasjonsnr. 929 911 709


§3 Selskapet sitt formål
Sunnmøre Regionråd er eit felles organ for deltakarkommunane. Selskapet skal bidra til at kommunane på Sunnmøre jobbar saman for å styrke regionen sin attraktivitet og konkurransekraft.

Selskapet skal på vegne av deltakarkommunane vere ein aktiv pådrivar for å fremje regionen sine interesser ovanfor regionale, nasjonale og internasjonale mynde, og vere eit bindeledd mellom politikk, næringsliv og offentlege styringsorgan.

Sunnmøre Regionråd skal vektlegge partnarskap mellom kommunar og næringsliv.

§ 4 Selskapet si finansiering
Deltakarane yter eit årleg driftstilskot basert på folketalet i den enkelte kommune fastsett av representantskapet.

Selskapet skal føre rekneskapen etter kommunale rekneskapsprinsipp.

§ 5 Eigardel og økonomisk ansvar
Alle kommunane har lik eigardel i selskapet. Den einskilde kommunes økonomiske ansvar for selskapets forpliktelser er lik den einskilde kommunes eigardel i selskapet.

§ 6 Representantskapet
Representantskapet er Sunnmøre Regionråd IKS sitt høgste organ, og er samansett av ordførarane i deltakarkommunane, med varaordførar som vararepresentant.

Dersom ein ordførar er vald til å sitte i styret, skal varaordføraren representere eigarkommunen. Den enkelte eigarkommune må i slike tilfelle peike ut ein ny vararepresentant. Det same gjeld dersom varaordføraren er valt inn i styret.

Representantskapet er vedtaksfør når 2/3 av representantane er til stades. Det er ikkje høve til å la seg representere gjennom fullmakt.

Styret og kommunedirektørane har møte- og talerett i organet. Styrets leiar og dagleg leiar har i tillegg plikt til å møte, men kan la seg representere av andre ved gyldig forfall.

Saker vert avgjort med 2/3 fleirtal av dei frammøtte unnateke val og tilsetting av dagleg leiar som vert avgjort ved vanleg fleirtal. Ved likt stemmetal blir det vedtatt det som møteleiaren har stemt for, unnateke val der det skal avgjerast ved loddtrekning.

Representantskapet har minst fire møter i året. Leiaren i representantskapet skal kalle inn til møte når det er naudsynt, og når enten styret, revisor, minst ein deltakar eller minst ein tredjedel av representantskapet krev det for handsaming av ei bestemt sak. Innkalling skal skje med minst 4 vekers varsel og skal innehalde sakliste. Innkalling kan skje med kortare frist i dei tilfelle der dette er påtrengande naudsynt.

Representantskapet skal vere ein aktiv premissleverandør for styret, mellom anna gjennom årleg handsaming av overordna mål og strategiar for selskapet si verksemd, samt årsbudsjett og økonomiplan. Handsaming av årsrekneskap, årsmelding og val av styremedlemmar skal skje innan utgangen av juni.

I tillegg skal representantskapet handsame alle saker av prinsipiell karakter.

Representantskapet konstituerer seg etter kvar valperiode og vel leiar og nestleiar.

Representantskapet sin leiar er møteleiar. Når denne er fråverande, er nestleiar møteleiar. Dersom ingen av desse er til stades, skal det veljast en møteleiar. Sakshandsaminga i representantskapet skal elles skje i samsvar med IKS-lova § 9.

Vedtak i representantskapet må godkjennast av kommunane dersom dette er eit krav i Kommunelova eller andre lover.

§ 7 Styret
Representantskapet vel eit styre på 7 medlemmar og 5 varamedlemmar. Styret vert vald for to år om gongen. Begge kjønn skal vere representert med minst 3 medlemmar i styret og 2 blant varamedlemmane.

Representantskapet vel leiar og nestleiar i styret. Verva som leiar og nestleiar skal gå på omgang mellom deltakarkommunane. Styrets leiar representerer selskapet.

Representantskapet vel ei valnemnd som skal legge fram ei tilråding for representantskapet.

Styret skal ha slik geografisk samansetting:

Ålesund kommune skal ha 2 styremedlemmar.

Giske kommune og Sula kommune skal ha 1 felles styremedlem.

Sykkylven kommune, Stranda kommune og Fjord kommune skal ha 1 felles styremedlem.

Haram kommune og Vestnes kommune skal ha 1 felles styremedlem.

Hareid kommune, Herøy kommune, Sande kommune, Ulstein kommune og Vanylven kommune skal ha 1 felles styremedlem.

Ørsta kommune og Volda kommune skal ha 1 felles styremedlem.

Samansettinga av styret kan fråvike den geografiske representasjonen ved særskilde høve, t.d. omsynet til kjønnsrepresentasjon.

Styret er vedtaksfør når minst halvparten av styret er til stades.

Styret har ansvaret for at selskapet vert drive i samsvar med selskapets formål, selskapsavtalen, budsjett og andre premissar som er fastsett av representantskapet. Styret skal føre tilsyn med dagleg leiar si leiing av selskapet.

Styret held møte når styreleiar finn det naudsynt eller eit styremedlem eller dagleg leiar krev det. Innkalling skal skje med rimelig varsel (minst ei veke) og skal så langt mogleg innehalde sakliste og saksdokument.

Styret tilrår i alle saker som skal leggast fram for representantskapet.

Styret har tilsettingsmynde for andre enn dagleg leiar.

§ 8 Dagleg leiar
Selskapet skal ha ein dagleg leiar som har ansvaret for selskapet si daglege drift i tråd med dei retningsliner og pålegg som er gitt av styret. Dagleg leiar vert tilsett av representantskapet etter tilråding frå styret.

Dagleg leiar førebur alle saker som skal handsamast i styret og representantskapet og har møteplikt på desse møta.

§ 9 Innmelding
Opptak av nye medlemskommunar skal godkjennast av kommunestyra i medlemskommunane.

§ 10 Utmelding
Ei deltakarkommune kan med 12 månader skriftleg varsel seie opp sitt deltakarforhold i selskapet med verknad frå påfølgjande årsskifte. Kommunar som trer ut av selskapet har ikkje rett til å få utbetalt sin del av selskapet sin eigenkapital.

§ 11 Oppløysing

Selskapet kan oppløysast dersom ¾ av eigarkommunane er samde om det. Det enkelte kommunestyre gjer sjølv vedtak om det. Oppløysing av selskapet må etter Lov om interkommunale selskap godkjennast av departementet.

Dersom departementet samtykkjer i oppløysinga skal det veljast eit avviklingsstyre av representantskapet. Fordelinga av selskapet sine aktiva og passiva skjer etter folketalet i medlemskommunane pr. 01.01. det året selskapet vert oppløyst.