Energi og klima

Energieffektiviseringsprosjektet i regi av Sunnmøre regionråd skal hjelpe kommunane med å realisere vedtak og rullere eksisterande Energi og klimaplanar i tråd med Statlige planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpasning

Økonomi: Med dei tiltak som er gjennomførd og dei tilskudd som er mottatt fra Enova vil dette prosjektet gi ein økonomisk gevinst for desse kommunane på minst 245 mill kr i løpet av ein 25 års periode basert på ein total energipris på 0,8 kr/kWh eks mva.

Nullutsleps næringsutvikling: Parisavtalen
Klimaavtalen som ble vedtatt i Paris i 2015 – den såkalte Parisavtalen – er ein global dugnad som skal sikre ei trygg framtid for menneskar og natur. Avtalen forpliktar verdas land til å halde den globale oppvarminga under 2 gradar, og aller helst 1,5 gradar.
 

Med bakgrunn i denne har Energi og klima prosjektet fokusert på ei mulig næringsutvikling som skal være med på å oppfylle krava til avtalen . Derfor har vi arbeidd med fleire prosjekt som går ut på å utvikle lokalt næringsliv som skal resultere i null utslepp av klimagassar og da spesielt produksjon av hydrogen basert på fornybar energi fra småkraftverk, vind og sol energi.

Historikk

 
  • Renovasjon:Ålesunds regionråd (ÅRU), som var forgjengaren til Sunnmøre regionråd,  arbeidde i 2007 – 2009 med etablering av Ålesundregionens Interkommunale Miljøselskap (ÅRIM). ÅRU la i 2009 til rette for gjennomføring av ei større spørreundersøking om brukartilfredsheit med vatn-, avløp- og renovasjonsordningar i kommunane.19.12.2012 ble Sunnmøre regionråd IKS etablert og pr 30.06.2013 var 19 kommunar på Sunnmøre registret som medlem.
  • Energi- og klimaplanar:I 2009 koordinerte ÅRU eit prosjekt der 10 kommunar i regionen fikk utarbeidd energi- og klimaplanar. I 2010 blei desse vedtatt i: Giske,  Ålesund, Ørskog, Stordal, Nordal, Skodje, Sykkylven , Stranda, Haram og Sandøy.  Vestnes og Sula starta sitt arbeid i 2011.Etter 2013 har vi og bistått dei øvrige kommunane på Sunnmøre.
  • Energieffektiviseringsprosjektetstarta i 3.1.2011.  Det blei i 2012 søkt om finansiering frå EU, Enova og fylkeskommunen til ei omfattende og langsiktig satsing. Handbok i energileiing: Innføring av energileiing i dei enkelte kommunane er ein føresetnad for å kunne nå dei vedtaka som er gjort i energi og klimaplanane. Handboka blei ferdig 2012. 
  • Energimerking:Vi har gjennomført energimerking i fylgjande kommunar ;  Giske ,Haram, Sandøy, Skodje , Ørskog , Stordal , Norddal , Vestnes , Sykkylven  og  Sula. Dette utgjer i alt ca 300000 m2 oppvarmet areal. Dette prosjektet har skaffet disse kommunene en digital database med tegningar og informasjon om dei tekniske anlegga i dei bygga som var meldt inn til dette prosjektet.
  • Energifest:Enovas Regnmakerdag , som er barnas festdag om energi og klima, blei arrangert våren 2013 på Tueneset i Ålesund med 5000 deltakande lærar og elevar.
  • LED-armatur i gatelys:Utskifting av gamle gatelysarmaturar til LED-teknologi starta i Ålesund og Sandøy i 2012. Målet var å skifte ut gamle gatelysarmaturar i alle kommunane innan produksjon av HQL-armatur vert avslutta i 2015.Det er  Giske , Haram , Sandøy, Skodje , Ørskog , Stordal , Norddal , Vestnes , Sykkylven , Sula , Sande , Vanylven, Volda og Ålesund. Totalt 10165 HQL armaturar vart skifta ut med LED armaturar innan utgangen av 2018.
  • ENOVA-tilskudd 29,6 mill kr er tildelt kommunane som tilskudd , men ikkje på langt nær alt er nytta.
  • EPC prosjekt . Energispareprosjekt er ein effektiv måte å få realisert prosjekt som skal resultere i smartare energibruk i bygningar.
  • Hydrogen industri utvikling. Vi har arbeidd med å auke kunnskapen om hydrogen i distriktet med tanke på at dette skal skape framtidige arbeidsplassar . Vi har delteke på fleire konferansar. Rundt omkring i Norge blir det arbeidd med mange forskjellige prosjekt for å kunne nytte hydrogen som drivstoff innan samferdsels sektoren og som energilager for strøm, produsert ved hjelp av fornybar energi ( vindmøllar , solcellepanel, småkraftverk) . 
  • Hellesylt Hydrogen HUB. Vi var prosjektleiar for økonomi og organisering i dette prosjektet til Stranda kommune . For å hjelpe interessentar i å få realisert dette porsjektet, arrangerte vi i samarbeide med Innovasjon Norge, NHO og Leverandør utviklingsprogrammet, konferanse om E-pilotordninga på NMK. Resultatet av dette møtet mellom interessentar og offentlige tilskudds tilbydarar var at eit konsertium med Flakkgruppen i spissen fekk tildelt 37,5 mill kr til utvikling av ei heilheitlig leveransekjede for hydrogen på Hellesylt. Det sistnevnte skal levere hydrogen til ferga som transporterar turistar, bussar og bilar inn og ut av Geiranger fjorden. Her er dei i full gang med å planleggje og byggje produksjonsanlegg på Hellesylt .

Sunnmørskommunenes klima og energi nettverk. Miljødirektoratet  oppretta ordninga KLIMASATS i 2017- støtte til klimatiltak.Ein kan søke på midlar til ulike tiltak innan energieffektivisering. På vegne av 11 kommunar søkte vi om tilskot til drifting av Sunnmørs kommunenes energi nettverk  med tanke på rullering av klima og energi planane til kommunane,  beståande av fylgjande kommunar: Giske , Sula ,Hareid, Ulsteinvik , Sande,  Vanylven , Ørsta , Volda , Stranda , Norddal , Stordal, Sykkylven og Vestnes .   Vi fikk tildelt kr 225000,- som vil gå til dekning av løn og møtekostnader. Vi legg opp til stor grad av medverknad slik at flest mulig skal engasjere seg i klimaarbeidet. Derfor har vi arrangert separate møte i Giske, Sande, Sykkylven og Stranda.

Vi har gjennomførd i alt 4 nettverksmøter og 3 møte i styringsgruppa. Som betsår av  fyljgjande rådmenn: Åse Elin Hole, Stranda, May‐Helen Grimstad , Sykkylven, Karl Arne Birkhol, Norddal , Wenche Solheim, Ørsta, Anne Berit Løset , Stordal og Ragnhild Velsvik Berge , Hareid.I tillegg er Frank Madsøy , direktør for landbruk og Anne Melbø , senior ingeniør hos Fylkesmannen med i styret.

Vi har hatt eit godt samarbeid med Klima Østfold . I samarbeid med dei arrangerte vi ein klimakonferanse for ungdområda på Søre Sunnmøre på dagtid på Breidablikk på Larsnes og  folkemøte på kvelden den 23.09.19 . Vi fortsatte med folkemøte i Sula og på Stranda  den 24. og 25.09.19.

Samling Einar1

Bilde frå Klimakonferansen på Larsnes

Nye prosjekt:

Kompetanse hevande tiltak for miljøvennlig innkjøp. Sunnmøre Regionråd IKS  har sammen med komunane Giske , Hareid , Herøy , Norddal , Stranda, Sykkylven , Volda og konserninnkjøp i Ålesund sørga for å søke Miljødirektoratet om midlar til denne stillinga . Miljødirektoratet har bevilga et tilskot på 2 mill kr til dette prosjektet som skal vare i 2 år.

Prosjektet har etablert eit samarbeid med klimaetaten i Oslo kommune og komunane Karmøy , Stavanger og Kristiansand .

Det er Sunnmøre Regionråd IKS v/ Einar Haram som skal ha prosjektleiinga for prosjektet .

Jonny Indrevåg er sjef for konsern innkjøp i Ålesund. Næringssjef Inge Bjørdal sørga for at søknaden vart sendt i tide til Miljødirektoratet etter ei rask behandling i formannskapa til dei deltakande kommunene og konserninnkjøp i Ålesund.  

Dette prosjektet vil gjere det enklare for innkjøperane i den enkelte kommune å oppfylle miljøsatsinga rundt offentlige anskaffelsar både på strategisk og operativt plan slik at komunane oppfyller dei nasjonale måla med hensyn til reduksjon av klimautslipp innan 2030 og  vil være ein naturlig del av satsinga på å forbetre berekraftmåla i kommunane.

Samling Einar2

Jonny, Anna og Einar

Sandøy Energi AS . Vi har avslutta utredning for hydrogenproduksjon på Harøya i regi av Sandøy vindkraft AS.Utredningsporsjektet skulle analysere om ein kan bygge eit produksjonsanlegg for hydrogen basert på fornybarenergi frå vind og sol , slik at hydrogen kan være med å redusere klimagass utsleppa frå transportsektoren i regionen rundt Ålesund. Rapport vart levert Miljødirektoratet i slutten av september 2019.

Anbud på drift og vedlikehald av gatelys i kommunane på Søre Sunnmøre.

I samarbeid med Odin prosjekt AS har  vi utarbeidd og innhenta anbud på drift og vedlikehald av alle gatelysa i kommunane på Søre Sunnmøre.  Her skulle det spesifiserast lyskilde skift , stykk pris på

utvidelse og påtimeprisar for regningsarbeid for personell.Total entreprise kostnad  ca  28,7 mill kr for 4 år med opsjon på 2 år til.

Kontrakten vart signert i Ulsteinvik 10.03.2020.

Økonomisk gevinst for energieffektiviseringsprosjektet.

Dei prosjekta som vi har medverka til og er blitt sett i gang og er blitt ferdigstilt, har resultert i ein energireduksjon som har gitt ein økonomisk akkumulert gevinst på ca 34,75 mill. kr ved utgangen av 2019.

Emneord: Energi og klima