Oppvekst

Visjon for arbeidet :
Saman bygger vi kompetanse for framtida.

Mål for arbeidet:
Å skape trygge, inkluderande og stimulerande oppvekst og læringsmiljø som gir livsmeistring!

Organisering av arbeidet:

Regionnettverket: Kommunalsjefar og rådgivarar frå kommunane i nettverket har møte 4-5 gongar pr. år.
Arbeidsutvalet: Har 5 medlemmar. 2 representerer barnehage og 2 representerer grunnskule.
Sunnmøre regionråd er møtearrangør, skrive møtereferat og arbeider med tilrettelegging og oppfølging av saker.

Satsingsområde knytt opp mot Dekomp skule (Desentralisert kompetanseutvikling)
Leiargruppesatsinga:
Leiarutviklingsprogram som skal gi kompetanse til leiargrupper
Satsinga er knytt opp mot fagfornyinga. Leiarutvikling gjennom dialogkonferansar og nettverk. Samarbeid med Høgskulen i Volda. 2019-2021. Leiargrupper ved alle skular deltek.
Profesjonsfagleg digital kompetanse:
Samarbeid med Høgskulen i Volda. For alle skular. 2020-2024           
Programmering: 
Kompetansekurs i samarbeid med NTNU i Ålesund. 75 lærarar over 40 timar 2020

Satsingsområde knytt opp mot Rekomp barnehage (Regional kompetanseutvikling)
Satsing på bruk av digitale verktøy i barnehage. PfDK. Samarbeid med høgskulen i Volda
Barnehagen sin digitale praksis Programmering
Implementering av ny rammeplan i barnehage
Barnehagefagleg kompetanse. Kurs for tilsette på Disp.

Vidareutdanning:
Kompetansehevingskurs for assistentar og vikarar i barnehage.
Teori til Fagbrev i samarbeid med Fagerlia VGS
Kompetanse for kvalitet (KfK): Vidareutdaning for lærerar i samarbeid med  NTNU i Trondheim
Arbeider med å starte opp Styrarutdanning for barnehage snarast råd hausten 2020.
Har etablert rektorutdanning i Ålesund. Så langt har to kull med til saman 60 stk. fullført.
Kull på 64 stk. skal ha eksamen husten 2020
Desentralisert barnehagelærarutdanning i samarbeid med høgskulen i Volda. Hausten 2020

Arbeid i det interkommunale skulenettverket:

Munnleg eksamen: Pedagogisk koordinator har vidareført arbeidet med å legge til rette for gjennomføring av munnleg eksamen våren 2019.
Dette er eit omfattande arbeid som tek mykje tid frå nyttår 2019 med innsamling og data og systematisering/fordeling i grupper, tideling av sensorar og revidering av felles Retningslinjer for munnleg eksamen i grunnskulen,  som skal gjelde for heile nordre Sunnmøre. Opplæring i samlingar for sensorar og faglærarar. Desse retningslinjene er vedtekne i nettverket og blir brukt under eksamen.

Samarbeid skule/næringsliv.
Ungt entreprenørskap

 






?

Emneord: Oppvekst