• Hjem
  • Nyheter
  • Digitale innspel til kommunane sitt framtidige klimaarbeid.

Digitale innspel til kommunane sitt framtidige klimaarbeid.

Klimanettverket til Sunnmøre regionråd oppfordrar alle på Sunnmøre til å seie meininga si. Dette er ein av dei fyrste digitale innspelsrundane til ein kommunal plan. Korleis meinar du at di kommune skal oppnå reduksjon av klimagassar i dei kommande åra? Gå inn på nettet og sei meininga di! Klimanettverket til Sunnmøre regionråd oppfordrar alle på Sunnmøre til å seie meininga si. Dette er ein av dei fyrste digitale innspelsrundane til ein kommunal plan. Korleis meinar du at di kommune skal oppnå reduksjon av klimagassar i dei kommande åra? Innbyggjarane i kommunane Stranda, Fjord, Sykkylven, Sande, Vanylven, Hareid, Ulsteinvik, Ørsta, Giske , Sula og Volda har no moglegheit til å påverke framtida på Sunnmøre. Vil vi ete meir lokalprodusert mat og kjøpe færre billige plastprodukt produsert på andre sida av jorda? Har det blitt lettare å reise kollektivt, eller er det etablert bildelingsordningar og system for samkøyring? Skal ein kunne lade elbilen på ferja eller mens ein står i ferjekø?Har du ei meining om korleis framtida skal sjå ut, er det veldig viktig at du deler den! Det er lagt ut ei webbasert spørjeundersøking der ein kan svare på spørsmål og kome med forslag til tiltak som din kommune bør satse på. Alt du treng å gjere er å gå inn på lenka til undersøkinga. Denne ligg ute på Sunnmøre regionråd si heimeside, Sunnmoreregionrad.no og på heimesida til kommunane. (Søk på «Klimagassutslepp», så finn du lenka til spørjeskjemaet).
Direkte lenke til undersøkinga:

https://response.questback.com/sunnmreregionrdiks/bubauiugfy

Svara vil bli analysert og systematisert, og brukt inn i arbeidet med å forme ny klima- og energiplan for din kommune. Dette blir kanskje ein av dei viktigaste planane for framtida. Klarer vi ikkje å snu utviklinga med utslepp av klimagassar i løpet av dei neste åra, står vi i fare for at det skjer sjølvforsterkande prosessar i naturen som gjer at den globale oppvarminga kjem heilt ut av kontroll. Sunnmøre regionråd står bak undersøkinga og har henta inspirasjon frå Hamar. «Jo fleire som er med og medverkar til planen, jo betre blir planen», seiar Einar Haram i Sunnmøre regionråd. Til no er det 202 personar som har vore inne og svart på nettet. Det er innbyggarane i Stranda som har vore best på medverknad, her har 42 personar vore inne og svara. Undersøkinga vil ligge ute fram til 31. august 2020.

Vi ser fram til å høyre di meining!

E-post