Heimeskule 2020

Sunnmøre regionråd har laga ei spørjeundersøking for lærarar og ei for elevar i 6. og 9. klasser om «Heimeskulen» dei har gjennomført denne våren.

Ein vil sjå på konsekvensar, utfordringar, resultat, kva kan ein gjere annleis og korleis kan denne perioden med heimeskule påverke framtidas skule.

De står fritt til å bruke Questbackane i skulane.

Undersøkingane er anonyme utan namn og e-post og er utforma innanfor lovverk om opplysningar frå elevar.

Skulane tek snart ferie, men ein kan også svare i sommar og ved skulestart i august.

Arbeidsutvalet i Sunnmøre regionråd vil få svara og dei kan også kommunar og skular få dersom de ynskjer det.

Tilgang til Spørreundersøking Heimeskule 2020. Ei lenkje til 6. og 9. klasser og ei lenkje for lærarar.

https://response.questback.com/sunnmreregionrdiks/ker2rzqor5        Elevar

https://response.questback.com/sunnmreregionrdiks/h6ysndvvm2     Lærarar

 

E-post