Reduksjon av klimagassutslepp

Innbyggarane i dei fleste sunnmørskommunane blir no bedne om å gi innspel til korleis ein kan redusere klimagassutslepp. Det er supert at vi via lokalradioen har fått anledning til informere innbyggarne om dette tiltaket som er ope for svar fram til 2. juli.

Det er Sunnmøre regionråd som står bak undersøkelsen – Einar Haram – hva er det dere vil oppnå med dette?

I følge ei undersøking utført av Opinion konkluderer dei med at 90 % av innbyggarane i Norge meiner at klimaendringane er reelle. Ca halvparten av desse meiner at det er klimakrise eller at det haster å gjere noko med klimaendringane. Dei veit ikkje heilt korleis dei skal kunne delta i dette arbeidet. Difor informerer vi om at det er eit arbeid på gang med å lage nye klima- og energplanar  for kommunane . Vi ønsker at innbyggarane skal kunne delta i dette arbeidet ved å kome med sine synspunkt via denne spørreundersøkinga, og at dette vil skape ein entusiasme og  iver etter å delta i dette arbeidet. I desse planane blir det definert kva tiltak den enkelte kommune skal realisere i løpet av dei neste åra for å oppnå ein reduksjon av klimagassutslepp  på  ca 40 – 45 % innan 2030. 

Hva spør dere folk om?

Vi spør for eksempel om:

Kva vanar har dei endra til ei meir miljøvennleg retning dei siste 2-3 åra? (her er det 18 forslag å velje imellom)

Kva endringar er dei villige til å gjere for å bli meir miljø- og klimavennleg. (her er 7 definerte valg i spørre skjemaet).

Så i dei to neste rubrikkane spør vi om .

Kva tiltak, utover det som er nevnt ovanfor, vil dei bidra med til reduksjon av klimagassutsleppa?

Kva kan di kommune gjere for at innbyggarane skal bli meir miljøvennlege?

 

Hva skal man gjøre om man vil delta?

For å delta må ein logge seg inn på heimesida til si kommune. Der vil ein finne informasjon om spørreundersøkinga. Ved å søke på temaet : klimagassutslepp.

Eller du kan svare ved å bruke denne linken: 

https://response.questback.com/sunnmreregionrdiks/bubauiugfy

Kommunene skal altså redusere sine klimautslipp som et ledd i den store klimadugnaden  - men hvordan kan Per og Kari bidra med konkrete råd her?

I spørreskjemaet er det rubrikkar der innbyggarane kan skrive inn sine tankar om kva tiltak  dei meiner er viktige å få realisert.

Undersøkelsen skal være ferdig i august – hva tror du kommer ut av dette…

NB, øndersøkinga er open til å svare på til 2. juli.

Vi håper at vi skal få mange gode svar frå alle som er engasjert i klima og miljø og vi vil formidle denne informasjonen til politikarane. Dei vil forstå at no er innbyggarane klare til å ta fatt på klimadugnaden på same måten som dei no har vist at dei har delteke i dugnaden mot smittespreiing av coronaviruset. For klimakrisa går heller ikkje over av seg sjølv. Tiltaka blir finansiert og realisert.

Det er slik at verken teknologi, enkeltmenneske, myndigheiter eller næringsliv kan løyse utfordringane åleine. Dette er ei felles oppgåve der folk forventar at alle bidreg til løysingane. Dette blir spennende for oss i Sunnmørskommunane sitt klima og energinettverk ! !

Distriksprogram Møre og Romsdal 25.05.20

E-post