Vil ha tiltak for møbelindustrien

SR har sendt brev til statsministeren og bedt myndigheitene vurdere kortsiktige tiltak som kan hjelp bedriftene i møbelindustrien på Sunnmøre å overleve korona-krisa. 

SR viser i brevet til at regjeringa har oppretta ei rekke tiltak etter korona-krisa, som møbelnæringa ikkje greier å nytte seg av:

  1. Statsgaranterte likviditetslån

Bankane stiller for strenge krav etter gitte økonomiske kriteria utan å vurdere det heilskaplege bildet for den enkelte verksemd og bransje. Bankane burde i større grad bruke skjønnsmessige vurderingar utover dei gitte kriteria som synast å verte følgd strengt utan å ta omsyn til verksemda si soliditet, strategi, omstillings- og samarbeidsevne.

  1. Permitteringsreglar med 20 dagar lønnsgaranti

Burde også gjelde dei som jobbar i redusert stilling i ei lengre periode enn 20 kalenderdagar frå permitteringsdato.

  1. Redusert arbeidsgjevaravgift

Burde innførast i utsette distriktskommunar med arbeidsintensive næringar, både på kort og lang sikt. Når ordninga no vert evaluert i Europakommisjonen må dette vere eit viktig punkt å følgje opp for revidert ordning gjeldande frå 2023 .

Møbelnæringa og designindustrien si framtid i Noreg er avhengig av gode rammevilkår og samarbeid for kompetanse og innovasjonsevne.

E-post