Vil ha tiltak for maritim næring

SR har saman med Romsdal Regionråd (ROR) sendt brev til statsministeren der det vert peika på at vi må få ei auka kriseforståing for maritim næring, og at det hastar med motkonjunkturtiltak.

Effekten av koronaepidemien og oljeprisnedgangen får dramatiske konsekvensar for den maritime næringa. Særleg fordi dette kjem på toppen av offshorekrisa etter 2014.

Prognoser utarbeidd av Menon Economics (i ein rapport bestilt av Maritimt Forum) viser  m.a. at maritim sysselsetting kan gå ned med nesten 25% fram til utgangen av 2022, samanlikna med 2019. 

SR og ROR viser til Maritimt Forum som overfor myndigheitene har fremma ein tiltakspakke som innheld 40 tiltak som vil sikre maritim næring igjennom og etter koronakrisa. 

E-post