Europaveg 136 (E136) frå Ålesund til Dombås er det mest trafikkerte vegsambandet aust-vest. Likevel så har ikkje arbeidet med utbetring av den svingete og trafikkfarlege vegen kome i gang enda.
Mandag 16. januar inviterte arrangørane av Eksportvegkonferansen (som finn stad den 17.april) til møte i Molde rådhus for å førebu denne konferansen. Med på møtet var Sunnmøre regionråd, Romsdal interkommunalt politiske råd, Nordmøre interkommunalt politiske råd, NHO Møre og Romsdal, fylkesvaraordførar, samt ordførarane i kommunane Vestnes, Molde og Rauma.
På Eksportvegkonferansen ynskjer vi å vise kva som er verdien av varetransporten som går gjennom Romsdalen på E136. Vi har bestilt ein rapport frå TØI som skal gjere ei samfunnsøkonomisk analyse som skal leggast fram på konferansen.
Det er Nye Veier AS som har fått oppdraget med å utbetre E136. Vi jobber no aktivt i forhold til Nye Veier AS for å få klarheit i når dei vil starte opp og kvar dei vil starte med utbetringa.
Eit samla Møre og Romsdal står bak kravet om utbetring av E136.