Digitalisering/ demokrati prosjekt

 

Demokratiprosjektet er eit politisk utviklingsprosjekt, initiert av arbeidet med Kommunereforma på Sunnmøre. Det var eit samla ønske frå alle kommunene på Sunnmøre om å vere med på eit felles utviklingsløft for å skape framtidas kommuner. Arbeidet er i hovudsak organisert som eit samlingsbasert utviklingsprosjekt, der 3 til 5 faste kommunestyrerepresentantar frå kvar kommune er faste delegatar på vegne av eiga kommune. Alle eigarkommunene til Sunnmøre regionråd IKS er med i arbeidet, med unntak av Vestnes og Ørskog kommuner.

 

 Prosjektet har fylgjande målsettingar:

1. Utvikle rolla for «fritidspolitikaren»

2. La digitalisering bli:
a. ein naturleg arena for medvirkning
b. ein naturleg del av kommunal organisasjonsutvikling

3. Legge til rette for betre innovasjonsklima i kommunene

4. Skape grunnlag for samskaping mellom kommuner og andre samfunnsaktørar

5. Auke tillitt mellom offentlig sektor og samfunnet for øvrig. 
 

På nettverkssamlingane inviterer ein inn relevant kompetanse frå Norge, Sverige og Danmark, for å sette fokus på ei relevant samfunnsproblemstilling. Det å hente kunnskap og impulsar utanfrå er med på å utfordre og fornye eige tankesett. Kva samling har også ein casepresentasjon frå Sunnmørskommunene, der ein løfter fram gode eksempel og godt arbeid som blir utført i Sunnmørskommunane. Dette for å vise at mykje godt arbeid blir gjort lokalt, og samstundes knyte kompetansenettverk mellom kommunane.

 Delegatane jobbar saman i gruppearbeid. Det er både blanda grupper frå ulike kommuner og politiske parti, men også eigne lokale grupper. Miksen av dette gir kjennskap og vennskap mellom kommuner, og ein får utveksle tankar og idear mellom kommunegrensene. Delegatane reiser likevel ikkje heim før dei har samsnakka seg imellom på korleis ny kunnskap kan takast med heim.

 Alle delegatane er oppfordra til å orientere eige kommunestyre om arbeidet dei er med på, slik at kunnskapen gir grunnlag for refleksjon, diskusjon og utvikling lokalt.

 Arbeidet er finansiert av skjønnsmidlar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Prosjektet er unikt, då det er politikaren som er målgruppa for arbeidet.

 Fokus på digitalisering vil bli styrka i prosjektarbeidet vidare, og knytt opp mot dei aktuelle målsettingane i prosjektet.