Selskapsavtale for Sunnmøre regionråd IKS

§ 1 Selskapet sitt namn og kontorstad

Selskapet sitt namn er Sunnmøre Regionråd IKS. Selskapet skal ha hovudkontor i Ålesund.
Selskapet er oppretta med heimel i lov om interkommunale selskap av 29.01.1999, og er eit eige rettssubjekt.

§ 2 Deltakarar i selskapet

Medlemmar i selskapet er kommunane:
Giske kommune Organisasjonsnr.: 964 980 721
Haram kommune Organisasjonsnr.: 964 980 810
Hareid kommune Organisasjonsnr.: 964 979 278
Herøy kommune Organisasjonsnr.: 964 978 840
Norddal kommune Organisasjonsnr.: 939 396 268
Sande kommune Organisasjonsnr.: 822 534 422
Sandøy kommune Organisasjonsnr.: 964 981 248
Skodje kommune Organisasjonsnr.: 964 980 454
Stordal kommune Organisasjonsnr.: 964 980 276
Stranda kommune Organisasjonsnr.: 964 980 098
Sula kommune Organisasjonsnr.: 964 980 543
Sykkylven kommune Organisasjonsnr.: 964 980 365
Ulstein kommune Organisasjonsnr.: 964 979 456
Vanylven kommune Organisasjonsnr.: 964 978 662
Vestnes kommune Organisasjonsnr.: 939 901 965
Ørskog kommune Organisasjonsnr.: 864 978 932
Ålesund kommune Organisasjonsnr.: 942 953 119

§3 Selskapet sitt formål

Sunnmøre Regionråd er eit felles organ for deltakarkommunane. Selskapet har som målsetting å bidra til ei positiv utvikling i regionen samla og i deltakarkommunane. Selskapet skal vere ein aktiv regional pådrivar med vekt på regional samfunnsutvikling og næringsutvikling og interkommunalt samarbeid. Selskapet skal drive med regional strategiutvikling, vere ein regional utviklingsaktør og fremje saker som utviklar regionen.

Sunnmøre Regionråd skal vektlegge offentleg partnarskap og partnarskap mellom kommunar og næringslivet, vere ein arena for samhandling på Sunnmøre med vekt på regional utvikling, nærings- og kompetanseutvikling, regionale rammevilkår og samferdsel og vere eit bindeledd mellom politikk, næringsliv, utdanning, helse og andre regionale og statlege styringsorgan.

§ 4 Selskapet si finansiering

Deltakarane yter eit årleg driftstilskot basert på folketalet i den enkelte kommune fastsett av representantskapet.

§ 5 Eigarandel og økonomisk ansvar

Alle kommunane har lik eigarandel i selskapet. Når det gjeld økonomisk ansvar vert det vist til Lov om interkommunale selskap.

§ 6 Representantskapet

Representantskapet er Sunnmøre Regionråd IKS sitt høgste organ, og består av ordførarane i deltakarkommunane. Det skal vere minst like mange vararepresentantar som representantar. Rådmennene har møte- og talerett. Saker vert avgjort med 2/3 fleirtal av dei frammøtte. Valg vert avgjort ved vanleg fleirtal.

Representantskapet har minst fire møter i året. Leiaren i representantskapet er forplikta til å innkalle til møte når det er naudsynt og når enten styret, revisor, minst ein av deltakarane eller minst ein tredjedel av representantskapet krev det for handsaming av ei bestemt sak.

Representantskapet skal vere ein aktiv premissleverandør, herunder årleg handsame overordna mål og strategiar for selskapet si verksemd.

Representantskapet skal handsame alle saker av prinsipiell karakter. Representantskapet konstituerar seg og vel leiar og nestleiar.

Representantskapet skal handsame selskapet sitt rekneskap, budsjett og økonomiplan. For å vere vedtaksfør er det eit krav at 2/3 av dei røysteføre er frammøtt.

Det er leiar i representantskapet som har ansvar for innkallinga. Innkalling skal skje med minst fire vekers varsel, og skal innehalde saksliste.
Styreleiar og dagleg leiar har plikt til å vere til stades med mindre det er åpenbart unødvendig, eller det føreligg gyldig forfall. I sistnevnte tilfelle skal det utpeikast ein vikar.

§ 7 Styret

Representantskapet vel eit styre på sjå 7 medlemmar og 5 varamedlemmar. Begge kjønn må vere representert med minst 3 medlemmar i styret og 2 varamedlemmar. Representantskapet vel leiar og nestleiar. Så langt som mogleg skal det veljast ordførarar og rådmenn til styret.
Styret held møte når styreleiar finn det naudsynt eller eit styremedlem eller dagleg leiar krev det. Styret har det overordna ansvaret for selskapet si drift, og vert vald for to år om gongen.

Leiaren går på omgang mellom medlemskommunane. Ved val skal det takast omsyn til geografisk fordeling. Styret utarbeider forslag til budsjett.
Styret førebur og innstiller i alle saker som skal leggast fram for representantskapet. Jfr. § 5.

Dei ordførarane som sit i styret kan ikkje site i representantskapet, og må der erstattast med sin varaordførar.

Styreleiar har ansvar for innkallinga, som skal skje med rimeleg varsel og så langt det er mogeleg innehalde saksliste. Minst 4 styremedlemmar må vere til stades for at styret skal vere vedtaksfør. Styreleiar representerer selskapet utad.

§ 8 Årsmøtet

Regionrådet held årsmøte kvart år innan utgangen av juni månad. På årsmøtet skal det handsamast årsmelding, revidert årsrekneskap, val og innkomne saker.

§ 9 Administrasjon

Selskapet skal ha ein daglig leiar som har ansvaret for selskapet si daglege drift i tråd med dei retningsliner og pålegg som er gitt av styret. Dagleg leiar vert tilsett av styret. Dagleg leiar møter på styre - og representantskapsmøta.

Styret kan vedta å tilsette fleire personar i selskapet og/eller leige inn konsulentar og/eller prosjektleiarar i samband med bestemte prosjekt som selskapet vedtek å engasjere seg i.

§ 10 Innmelding

Opptak av nye medlemskommunar skal godkjennast av kommunestyra i medlemskommunane.

§ 11 Utmelding

Ei deltakerkommune kan med minimum 12 månaders skriftleg varsel seie opp medlemskapet i selskapet med verknad frå påfølgjande årsskifte. Kommunar som melder seg ut vil ikkje få med seg nokon andel av tidligare innbetalt kontingent eller andel av selskapet sin eigenkapital.

§ 12 Oppløysing

Selskapet kan oppløysast dersom ¾ av eigarkommunane er samde om det. Det enkelte kommunestyre gjer sjølv vedtak om det. Oppløysing av selskapet må etter Lov om interkommunale selskap godkjennast av departementet.

Dersom departementet samtykkjer i oppløysinga skal det oppnemnast eit avviklingsstyre av representantskapet. Fordelinga av selskapet sine aktiva og passiva skjer etter folketalet i medlemskommunane pr. 01.01. det året selskapet vert oppløyst.