Konferanse «I same båt» 11. april

Sunnmøre Regionråd, Haram Næring og Innovasjonsforum og The North West arrangerer 11. april konferansen «I same båt».

Konferanseskuta MS Bruvik kastar loss frå Ålesund og skal innom Søvika, Brattvåg og Steinshamn. Det blir bedriftspresentasjonar og bedriftsbesøk. Mellom innleiarane er viseadministrerande direktør i Rostein, Glenn Bradley, prosjektleiar for Nye Ålesund, Astrid Eidsvik, viserektor ved NTNU Ålesund, Annik Magerholm Fet, administrerande direktør i I.P. Huse, Morten Hopland, plass-sjef for Rolls-Royce i Brattvåg, Charles Kvalvik, styreleiar i Sparebanken Møre, Leif-Arne Langøy og forretningsutviklar i Vard, Anne Seth.

Konferansen skal gi innblikk i korleis den maritime næringa har brukt samspel og ny kunnskap for å få til innovasjon, og frå dei ytste og minste holmar har ein greidd å bli verdsleiande.

På bildet: Henrik D. Vedde (dagleg leiar Haram Næring og Innovasjonsforum), Maria Carmona (dagleg leiar The North West) og Jan Kåre Aurdal (dagleg leiar Sunnmøre Regionråd).

E-post