Møte om Sunnmøre Soningssenter 16.11.2018

Ålesund fengsel 16.11

 Frå venstre: Marianne Synnes, Jan Kåre Aurdal, Guro Angell Gimse, Frode Johansen, Frida Melvær

Sist fredag hadde Sunnmøre Regionråd og Ålesund Fengsel møte med Marianne Synnes (H) frå Mørebenken og to frå justiskomiteen, Guro Angell Gimse og Frida Melvær (begge frå Høgre)


Møtet kom i stand for å gi informasjon om Sunnmøre Soningsenter sine planer på Digerneset.


Frode Johansen, orienterte om den utfordrande situasjonen i dagens Ålesund Fengsel, både når det gjeld soningsforhold, men også om dei store utfordringane for dei tilsette.

Jan Kåre Aurdal frå Sunnmøre Regionråd orienterte om planane for det nye soningssenteret, det vart lagt vekt på å få orientere om innhaldet. Sunnmøre Soningssenter skal ikkje vere kunn eit tradisjonelt fengsel, men skal ha fleire ulike tilbod til dei innsette.

Det vert lagt opp til å samarbeide med fleire aktørar.
I følgje straffelova §4 om å samordne den innsette sine behov og fremje deira tilpassing til samfunnet.

Dette skal skje ved kontakt med offentlege myndigheiter, organisasjonar eller privatpersonar som kan yte hjelp for å oppnå ordna bo-forhold , arbeid, opplæring eller andre tiltak som kan hjelpe ein til lovlydig livsførsel etter soning.

Politikarane på møtet syntes dette kunne bli ei spanande løysing, og oppmoda oss til å arbeide vidare med desse planane.

E-post