• Hjem
  • Nyheter
  • Ungdomsråda på søre samla i Herøy på fredag

Ungdomsråda på søre samla i Herøy på fredag

Samla slag for klima

Fredag samla ungdomsråda på Søre seg på Herøy kulturhus. Her drøfta dei viktige spørsmål som gjeld ungdomen, mellom anna klimautfordringane.

Dagen starta med ein innleiande presentasjonsrunde av kvart enkelt ungdomsråd, der alle fekk bli betre kjende.

30NYH ungdomskonferanse 3

 Foto: Bjørnar Torvholm Sævik (Vestlandsnytt)

– Det er fint å sjå kven som sit i ungdomsråda og kvar dei kjem ifrå, då dette kan gjere det enklare å samarbeide om dei store sakene, sa leiaren i Sande ungdomsråd, Lena Solbakken, då vi var innom.

Klimadiskusjon

– Mitt tips er at vi brukar mindre straum. Har du ein kjæraste, tend nokre stearinlys i staden for å slå på lyset, og dusj i lag. Du kan jobbe med forholdet og klimautfordringa samtidig.

Det var eitt av dei heller kreative klimatiltaka som ungdomen kom med. Men det skal seiast at fleire av tiltaka var av ein mykje meir seriøs karakter enn som so. Dei omfatta mellom anna sterkare satsing inn mot kollektivtilboda i kommunen, forhindring av forsøpling, og auka satsing for resirkulering. Dette var råd dei kom fram til gjennom gruppediskusjonar. Vel og merke, var dette etter å ha fått høyrt presentasjonar av Einar Haram frå Sunnmøre Regionråd og Robert Myklebust frå Herøy kommune. Dei snakka om klimaplanane i kommunane og ulike tiltak for å bekjempe klimautfordringane lokalt.

30NYH ungdomskonferanse

 Foto: Bjørnar Torvholm Sævik (Vestlandsnytt)

– Klimaspørsmålet er eit tema som vi unge er svært opptatt av. Det er vi som skal arve kloten, og då må vi ta ansvar for at vi forvalta dei ressursane vi har på ein berekraftig måte, forklarte leiaren i Herøy ungdomsråd, Helena Aasen.

Ho fekk støtte frå Solbakken.

– Slik situasjonen er no, er den veldig på kanten. Vi kan ikkje halde fram på denne måten lenger. Vi må sette i gang med tiltak for å snu forureininga vi gjer i naturen. Dette treng nødvendigvis ikkje vere so vanskeleg heller. Det handlar berre om å finne smarte løysingar, la ho til.

Solbakken og Aasen trekte mellom anna fram at det burde kome på plass miljøstasjonar på kvar einaste skule i Herøy og Sande. Dette var eit forslag som resonnerte godt hjå Robert Myklebust, som råda dei til ta kontakt med skulane og finne ut kven som ikkje har det, so dette kan ordnast snarast.

Klare for UFT

Etter ein flammande klimadebatt og ein god porsjon med lunsj, kom ungdomspanelet på besøk. Ungdomspanelet er ungdommens fylkesting (UFT) sitt arbeidsutval. Dei har om lag ni møte i året og skal representere ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå og ha kontakt med lokale ungdomsråd. Dei var på plass i forbinding med at det 9. – 11. november vert arrangert ungdommens fylkesting i Molde. Kvart ungdomsråd i Møre og Romsdal sendar då to delegatar som skal vere med å sette dagsorden for ungdomspolitikken, og drøfte ulike saker som bør løftast fram av ungdomsråda.

 

Filming av munnleg eksamen?

Leiaren for ungdomspanelet er sandssokningen Urtė Karanauskaitė. Vi fekk snakka litt med leiaren, og ho kunne fortelje oss litt om kva som står på agendaen for årets store ungdomsmøte.

30NYH ungdomskonferanse 2

 Foto: Bjørnar Torvholm Sævik (Vestlandsnytt)

– Eit spennande tiltak vi skal ha opp til diskusjon er kor vidt vi bør få på plass ei ordning der ein frivillig kan få filma munnleg eksamen. Slik det er i dag kan ein ikkje klage på munnleg eksamenskarakter, då ein ikkje har noko å vurdere det utifrå. Dette kan vere ei løysing, og vi gler oss til å høyre kva ungdomen trur, sa Karanauskaitė.

Elles blir det også naturleg å skulle debattere både kulturtilboda i fylket og naturlegvis også klimarelaterte spørsmål, forklarte leiaren.

Helena Aasen og Torgeir Myklebust er dei to som skal reise for å representere Herøy. Dei håpar mellom anna å få løfta fram tiltak for å betre kollektivtilbodet i kommunane. Dei ser mellom anna lågare billettprisar som noko å kjempe for. Det er noko nabo-ungdomsrådet i Sande opplyser at dei støttar.

 

E-post