Regional nettverkssamling om koding og programmering 29. mai-2018
Målgruppe: Alle som jobbar i skulen med digitale verktøy, koding og programmering i grunnskulen.
Tid: 29. mai klokka 09.00-14.00, lunsj 11.00-11.30
Stad: Gamle kunnskapsparken ved NTNU, til høgre for hovudinngangen, 3. etg. Ørnetua.
Parkering ved NTNU- kode 8793 ( Ta av innfartsvegen til høgre mot Larsgården og vidare til venstre mot NTNU. Då er parkeringsplassen oppe til venstre. De treng ikkje parkeringsbevis.)
Foreløpig program. Rekkefølgen kan bli endra.
Kompetanse: Herdis Moldøen: Lær Kidsa Koding Audun Hopland: Ulstein kommune prosjektleiar DigiGLU NTNU-Ålesund v/Kjell Inge Tomren FFL-First lego league v/ Bjørn Helge Endresen |
Praksisdøme: Valderøy ungdomsskule: Giske kommune Ove Husøy: Praktisk arbeid i klasserommet med programmering og koding. Besøk på Newtonrommet v/ Bjørn Endre Helgesen. |
Erfaringsdeling på tvers av skular: Her deler vi oss i grupper og deler litt kva vi jobbar med og korleis vi tenker om programmering og koding på eigen skule. Lav terskel for deling. |
Vegen vidare på eigen skule og på korleis regionen kan bidra vidare. Kva vil du/de ta med tilbake til eigen skule frå dagen i dag? Korleis er det ønskeleg at vi skal jobbe vidare med koding, programmering og teknologi i regionen |
Påmeldingsfrist: Fredag 25. mai. Samlinga er gratis