Sunnmørsfinale Innovasjonscamp 2018

Sunnmøre regionråd Oppvekst og Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal inviterer kreativ ungdom til dyst.

18922510 1828203910841816 2258656029933866349 o

 (  bilde er frå Sunnmørsfinale Innovasjonscamp 2017)

 Sunnmøre regionråd Oppvekst vil i samarbeid med Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal invitere dei kommunale vinnarane av Innovasjonscamp med klasse og lærarar til Sunnmørsfinale Innovasjonscamp 2018.

Den lokale finalen må haldast seinast ved utgangen av mai 2018 for å få vere med i regionsfinalen. Kommunar som enno ikkje er med, kan ta kontakt med Christina N. Hessen og få informasjon om korleis ein kan kome med. Telefon: 971 25757.

 

Tid: onsdag 6. juni kl. 09.00 – 15.00

Stad: Parken kulturhus, Ålesund kommune

Til presentasjonen:

Kvart lag får inntil 8 minutt til å informere om si løysing på den utfordringa dei har fått. Ein jury vil vurdere ideane etter kor innovative dei er, kva nytteverdi dei har for oppdragsgjevar og korleis de presenterer ideen og samspelet i gruppa. Presentasjonen skjer på ei scene med tilskodarar sitjande i eit amfi. Det vil vere tilgjengeleg PC med innlagt oversendt presentasjon, videokanon, høgtalarar og mikrofonar.

De må ta med modellar, plakatar og anna de ønskjer å bruke.

Praktiske opplysningar:

Finalen startar kl. 09.00 med øving/generalprøve på det som skal presenterast. Alle må møte fram til det klokkeslettet. Øvinga går etter tur og det blir aktivitetar for dei som ikkje øver.

Sjølve framføringane startar kl. 10.00

Detaljert program for dagen blir sendt ut seinare.

 

Vi må ta atterhald om påmelding.

Ved påmelding ta kontakt med Nils Magne Abelseth 

Pedagogisk koordinator

70162397 / 97035000 

 

E-post