Møte med Mørebenken på Parken Hotel

Torsdag 04.01.2018 var det møte med stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal på Parken Hotel i Ålesund.

 20180104 155559

 

 

Vebjørn Krogsæter åpna med å helse alle velkomen til møte, der han og tok opp ei sak der han meiner vi bør utfordre Mørebenken på kor viktig det no blir for heile regionen M&R å tørre å definere Ålesund som Regionsenteret m.a basert på demografi, næringsliv, statistikkar.

Dette bidreg til å styrke og sikre Region M&R, Ålesundregionen og alle dei øvrige byområda m/ omland i vårt fylke.

Samspelet mellom byområda m/ omland blir viktigare enn nokon gong.

 

"Saman skal vi leie Sunnmøre inni framtida, vi når resultat av å samle oss"

Der er nokre tyngdepunkt i regionen som vi må arbeide med. Veksten har stoppa opp og då må det ei endring til. Mangel på folketalvekst, berre 0,4 % vekst, 14 kommunar i regionen har nedgangsvekst, veksten genererer i storbyar, korleis få snudd det i fordel for distrikta? Regionen treng å skape nye arbeidsplasser i privat og offentleg sektor. Derfor må Sunnmøre stå samla, ikkje deles inn i to ulike regioner.

 

Nytt soningssenter på Sunnmøre

Dag Olav Tennfjord, ordførar i Skodje kommune orienterte om saka.

Kan ei potensiell re-organisering av kriminalomsorga ( fusjon av kriminalomsorga og friomsorga) bli ei brekkstong for å framskunde prosjektmidlane til revidert statsbudsjett?

 Ålesund fengsel er 152 år gammalt, det er utdatert og lite moderne oppgradert i forhold til dagens krav. 

Det er store utfordringar for innsette og pårørande.

 Det er lite luftemulegheiter,  noe som også går på helsekrava til dei innsette. Det er stort behov for eit nytt soningssenter på Sunnmøre. Noko som igjen genererer til nye statlege arbeidsplasser.

 Det har vorte foreslått at det nye soningssenteret skal ligge på Digerneset i Skodje kommune.

Der det også er meint for at det nye fengselet skal ha ei eiga kvinneavdeling.

 Møre og Romsdal fylke støtter planlegginga. Men nok ei KVU-utgreiing er bestilt.

 Fordelane med å bygge eit soningssenter på Digerneset er at det er sentralt, ingen konflikt med naboar og det er nært Moa som handelssenter.

 Soningskøane går ned på grunn av bruken av fotlenke, men må følgast opp av kriminalomsorga.

Det er søkt om 10 millionar i prosjektmidlar.

 

Nettverk for byvekstavtalar

 Liv Kjersti Finholt, kommuneplanleggar i Ålesund kommune og Tore Johan Øvstebø, varaordførar i Ålesund kommune orienterte om saka.

 Diskutere måtar å organisere arbeidet på i samråd med Mørebenken.

 Vi må jobbe godt saman for å få til gode bypakkar i kommunane rundt.

Vi anbefaler gode og langsiktige planløysingar.

 Klima og miljø er viktig, folk må bli flinkare til å benytte seg av kollektiv trafikk.

 

Møreaksen, trasevalg

Dag Olav Tennfjord, ordførar i Skodje kommune orienterte om saka.

 Korleis samle fylket bak prosjektet?

Møreaksen er eit av dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å auke størrelse på bru og arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal.

 

Fosnavåg Hamn

 Camilla Storøy, varaordførar i Fosnavåg og Jarl Martin Møller, kommunalsjef i Herøy kommune orienterte om saka.

 Miljø og nye arbeidsplasser er i fokus.

* Industri utvikling
*Byutvikling
*Felles målsetting om ei rein hamn
 

Prosjektet Fosnavåg hamn er delt mellom Herøy kommune og Kystverket.

Herøy kommune sin del består av detaljregulering av indre og ytre hamn. Kystverket har arbeidd med forprosjektet. I tillegg bidreg Herøy kommune med investeringar i teknisk infrastruktur med felles målsetjing om ei rein hamn i Fosnavåg.

 Fosnavåg fiskerihamn er ei byhamn med aktivt fiskemiljø med mottaksanlegg , notbøteri, fleire marine servicetilbod og gode kaifasilitetar.

 Slik situasjonen er i dag er det fleire fartøy som ikkje kan gå inn i hamna, medan andre må gå inn og ut på flo sjø.

 Heile indre hamn, med eit samla areal på 37 000 kvadratmeter er planlagt utdjupa til – 8,3 meter.

Dette omfattar mudring av 73 000 kubikkmeter lausmasse og 7000 kubikkmeter fjell.

Det er også planlagt å fjerne ei grunne på kring 3000 kubikkmeter ytst i innseglinga.

 Det meste av lausmassane er forureina og er tenkt i to deponi.

Gjennom grunnundersøkingar er det avdekt mellom anna tungmetall og organisk forureining i sedimenta.  Deponia vil gi etterlengt areal til industri- og byutvikling for Fosnavåg og Herøy kommune.

 Totalkostnadane på prosjektet er på om lag 100 millionar kroner.

 Fangstverdien for fiskeflåten i Herøy er på over 1,4 milliardar kroner per år, og den utgjer 9 prosent av heile Noreg sitt fangstvolum ( norskfanga fisk). Fiskeflåten i Herøy er verdsett til meir enn 14 milliardar kroner (2016).

Ei realisering av prosjektet til Fosnavåg hamn:

*Sikrar nye heilårsarbeidsplassar (50 +).
*Underbyggjer sterk verdiskaping og massive investeringsplanar i næringslivet (100 mill.)
*Legg til rette for modernisering i fiskerisektoren og aukande fiskeeksport.
*Vil vere viktig for byutviklinga.
*Styrkar næringsinteressene.
*Vil gi Fosnavåg ei rein hamn- viktig miljøgevinst.

 

Krabbefeltet, Ørskog

Knut Harstad, ordførar i Ørskog kommune orienterte om saka.

 Store utfordringar  og farlige forbikjøringar i krabbefeltet gjør at det må skje eit tiltak snarast.

 *Kø, kaos og trafikkstans
*Dårlige forhold
*Tunge kjøretøy
*Fare for liv

 Tunge kjøretøy hindrar trafikken, men ingenting vil bli gjort i 2018, 2019 eller 2020.

 Dette er eit tiltak som heile Sunnmøre trenger både for privat bilar og trafikantar i næringslivet.

Forbetring av krabbefeltet. Dette tiltaket vil koste 140 millionar kroner.

Vi må få dette prosjektet raskare fram.

 

Volda kommune

Fride Sortehaug, varaordførar i Volda kommune orienterte om saka.

Utfordringa kommunar står over når det kjøme til rekruttering til helse og omsorg sektoren for M& R .
 
Utfordringa med Helse Møre og Romsdal, og at dei framskrive oppgåver til kommunar gjennom utviklingsplanen, der oppgåvene ikkje er demokratisk forankra gjennom eit storting.
 
 Vi er uroa for eit framtidig fungerande Helse Møre og Romsdal.

 

Vanylven

Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven kommune orienterte om saka.

 Arbeidsplasser er Alfa Omega!

Det bor 3191 innbyggarar i Vanylven. Men for å få folk til å bo der må det være nok arbeidsplasser.

 I Vanylven er det 1,9 % arbeidsløyse , i fylket er det 2,3 %.Ei auke i arbeidsløyse er ei auke i barnefattigdom.

 Det må skje ei endring:

 *Jobbsjanse for ungdom
*Fritidsaktivitetar for familiar med dårleg råd
*Tiltak

 

DOGA, møbelindustrien i Sykkylven

Odd Jostein Drotninghaug, ordførar i Sykkylven kommune orienterte om saka.

 DOGA skal i hovudsak ta vare på faggruppenes frie faglege og kunstnariske utvikling med eit generelt støtte- og oppfølgings-apparat, ved sida av – og i synergi med – den etablerande industrien.

Dette gir erfaringsmessig det beste grunnlaget for nyskaping og grunnlag for nyetableringar av ferdigvareproduserande industri.

Det var ei sak i kulturnyheitene i P2 21/12 om at det er stor misnøye med DOGA og politisk vilje til å desentralisere organisasjonen, ikkje berre rundt om i landet. Også arkitektur og designmiljøet i Oslo  er  misnøgde. Det var ein repr.  frå Ap som ville ha saka opp i Stortinget. (Ruth Grung frå Hordaland)Dette viser at det er misnøye frå fleire hald, også i designmiljøa i Trondheim og Bergen, ang DOGA sin forvaltning av statens årlige støtte- etter det vi kjenner til – på 70 millionar kroner.

 For å arbeide til fremme av Design og Arkitektur i Norge. Dvs også norsk industridesign / møbeldesign. Der verksemdene er spreidd over heile landet, men der alle midlar vert nytta i Oslo.

Design- og arkitektursenteret har eit budsjett på 70 mill. per år. Mange av arkitektane er  misnøgde og meiner institusjonen ikkje gjer nok for dei. Det gjeld ikkje minst møbelindustrien.

 Sykkylven og regionen har både små og mellomstore produksjonsbedrifter  og fritt arbeidande designarar med nyutvikling, både for den etablerte industri og som mogleg grunnlag for oppstart av nye verksemder.

For ei desentralisering av møbel-delen av DOGA, og som ei underavdeling i nært samarbeid med dei, foreslår vi oppretting av ei avdeling som får basis i Møbelkraft i Sykkylven, i samarbeid med Norsk Møbelmuseum og den noko meir kvilande stiftelsen Norsk Møbelfagleg Senter, alle i Sykkylven. Der ansvaret for underavdelinga vert lagt til Møbelkraft v/styreformann Harald Espeland.

 Det føreligg planar og idear for utvikling av norsk Møbelmuseum i Berliparken i Sykkylven, ved :

*Møbelpark med utstillingsmontrar
*Utstillingsbygg
*Nytt, moderne møbelmuseum

 Satsing innafor turisme er ein i gang med gjennom Designvegen, der dette kunne vere ville vere veldig sentralt.

Basert på statlege etablerings- og driftstilskot, burde dette kunne bli ei berekraftig avdeling av DOGA i møbelsenteret Sykkylven , i samarbeid med DOGA.

Dagleg leiar i DOGA, Trude Gomnæs Uglestad, stilte opp på vårt dagsmøte den 23.11.2016 og var positiv og svært fornøgd med å få innblikk i industriens og andre aktørar sitt engasjement innan innovasjon og nyskaping i Sykkylven ( Skaparglede). I ein email etter møtet, beskreiv ho Sykkylven som «et nasjonalt senter som favner historia, nåtida og framtida» , og at ho var imponert over skaparkrafta som ho til nå bare har kjent gjennom historie og produkta. 

 Hovudstaden får massevis av kulturbygg og kulturarbeidsplassar  dei neste åra. Det bør vere klima for å flytte ut nokre av dei som finst i dag.

Ruth Grung kan kanskje vere interessert i støtte frå Møre og Romsdal mot at Bergen får det meste og at Sykkylven får filial for møbel.

 

Norddal kommune

Arne Sandnes, ordførar i Norddal kommune orienterte om saka.

 Verdsarvrådet for Vestnorske fjordlandskap der kommunane Norddal og Stranda er med frå nordområdet.

 Sikre fortsatt  UNESCO verdsarvstatus for områda rundt dei tre fjordane Geirangerfjord, Sunnylvsfjord og Tafjord i M&R fylke (i tillegg 2 fjordar i Sogn ) .

 Problemet som trugar statusen er attgroing av det historisk verdfulle kulturlandskapet.

 Attgroinga skjer fordi det beitebaserte husdyrbruket vert avvikla.

 På et større møte om dette i Geiranger  i regi av verdsarvrådet i mai 2017, vart denne problemstillinga løfta fram.

Det vart uttrykt full tverrpolitisk semje frå stortingskandidatar frå 3 vestlandsfylke om at det hastar med å sette i verk tiltak med tanke på styrking av landbruket.

 Modellen som vart skissert vart karakterisert som ein «ny landbrukspolitikk» for desse spesielle områda . Planen er å utvikle ein norsk pilot etter mønster av kulturlandbruket i Sveits/Austerrike. Effektiv landskapspleie er stikkord !

 I regi av Verdsarvrådet (der Arne Sandnes er valt som ny leiar), vert det no lagt planar som etter kvart vil bli kommuniserte opp i mot politiske mynde på nasjonalt nivå med tanke på m.a. med finansiering og aksept. UNESCO status har stor betyding for utvikling av reiselivet i M&R og indirekte for den faste busetnaden i fjordbygdene.

 Vonar det kan gjevast plass for ei kort orientering om ei viktig saka for regionen med tanke på å ta ut ei større verdiskaping frå ei næring i sterk vekst, dvs. reiselivsnæringa.  Jan Ove Tryggestad, som og sit i verdsarvrådet , stiller seg bak dette initiativet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

E-post