• Hjem
  • Nyheter
  • Nytt varme- og ventilasjons- anlegg tatt i bruk i storhallen

Nytt varme- og ventilasjons- anlegg tatt i bruk i storhallen

Sist fredag var det sluttsynfaring og overtaking av det nye varme- og ventilasjonsanlegget i Sykkylven storhall. Det har vore eit prekært behov for å skifte ut det 40 år gamle anlegget, både med tanke på luftkvalitet og
energisparing. Så langt viser straumrekningane ein forbruksreduksjon på om lag 60 prosent.

bilde Einar

  Einingsleiar kultur Halstein Kurseth (t.v.), prosjektleiar energieffektivisering i Sunnmøre Regi- onråd Einar Haram, kommunalsjef Bjørnar Midtbuset, idrettskonsulent Lars Petter Vemøy, prosjektleiar i AF Energi & Miljøteknikk Jan Erik Tofsrud, driftstyrar Kåre Magne Rønning og ordførar Odd Jostein Drotninghaug.

 Bilde Einar 2

 – AF Energi & Miljøteknikk vil ha det overordna ansvaret for anlegget dei neste seks åra, seier Jan Erik Tofsrud (t.h.). Driftsleiar ved storhallen, Kåre Magne Rønning vil vere ein av dei som skal kunne følgje med på drifta av anlegget.

 

 I byrjinga av juli starta AF Energi & Miljøteknikk arbeidet med å skifte ut det om lag 40 år gamle utslitte ventilasjonsanlegget i Sykkylven storhall, samt sørge for nye led-lys inne i hallen og i alle takhimlingar, både i garderobar og gangar. I september var alle lysa på plass og i månadsskiftet oktober/november vart det nye varme- og ventilasjonsanlegget tatt i bruk.

Gått etter planen
ENØK-planane for storhallen er gjennomført i samarbeid med Sunnmøre Regionråd.

– Vi er svært nøgd med at pro- sessen har gått så fort. I juni godkjende Sykkylven kommune EPC kontrakten frå AF Energi & Miljøteknikk. Det tok litt lengre tid enn planlagt grunna sommar-


ferie og leveringstid på materi- ale, men totalt sett har alt gått etter planen, seier prosjektleiar energieffektivisering i Sunnmøre Regionråd, Einar Haram.

Overordna ansvar
Hallen vart stengt nokre  veker då rivingsarbeidet starta i august.

Brukarane av hallen har heldig- vis vore tolmodige. Det var nokre veker dei måtte finne alternative løysingar, men no får dei nytte ein hall med både betre lys, betre inneklima og jamnare temperatur, seier idrettskonsulent Lars Petter Vemøy.
Dei neste seks åra er det AF Energi & Miljøteknikk som vil ha det overordna ansvaret for anlegget.

Vi vil ha full styring og oversikt frå vårt hovudkontor på Helsfyr  i Oslo. Idrettskonsulent Vemøy, driftstyrar ved storhallen Kåre Magne  Rønning  og Sunnmøre

Regionråd vil ha tilgang til anleg- get for å kunne følgje med. Skal det gjerast endringar i til dømes temperatur, vil dei gi beskjed  til oss slik at vi kan gjere dei endringane som er naudsynte, seier prosjektleiar i AF Energi & Miljøteknikk Jan Erik Tofsrud.

Energisparing
Storhallen har hatt eit prekært behov for å få betra luftkvalite- ten og få innført betre styring av energiforbruket til lys og varme.

Det er fleire grunnar til at energikostnadane no vil gå ned, mellom anna er det oppført seks varmepumper, samt at alle dei gamle lysa er skifta ut med led- lys. Drifta til no viser ein reduk- sjon på energiforbruket på 60 prosent, seier einingsleiar kultur Halstein Kurseth

 

E-post