• Hjem
  • Nyheter
  • Grøn energi for 9 klasse på Vatne ungdomsskule

Grøn energi for 9 klasse på Vatne ungdomsskule

Innovasjonscamp med vindmøller og solcelle som tema.

 Elevane i 9. klasse ved Vatne ungdomsskule må ta i bruk både matematikk og fysikkunskapar når dei denne veka jobbar med ei oppgåve om grøn energi.

Det er innovasjonscamp, og Sunnmøre Regionråd har utfordra dei på teamet hydrogenproduksjon.

SR Bilde 2

Denne veka har dei 30 elevane på Vatne ungdomsskule innova- sjonscamp.

Denne er litt ulik innovasjon- scampar som vi har hatt før. Det er berre ei oppgåve og den er det Sunnmøre Regionråd som står bak. Tidlegare har det vore ulike bedrifter som har kome med oppgåver, og alle har vore forskjellige, fortel rådgjevar Jan Kåre Vadset.
Dei 30 elevane i to niandeklasser skal arbeide fram til torsdag.

Då vert det presentasjon med kåring av vinnar i bygdestova på Eidet kulturhall. Vi har det på kveldstid slik at også foreldre kan kome å sjå.
 

Grøn energi
Vindmøller på Harøy produserer hydrogen ved hjelp av elektro- lyse. I tillegg er der solcellepanel. Der er ikkje ferskvatn, og vi skal designe ein modell for oppsam- ling av regnvatn som må til i produksjonen. Då må vi finne ut

kor mykje det regnar på Harøya, fortel Jasvini Selladurai. Ho og dei andre tre på gruppa er godt i gang med arbeidet når Bygdebla- det stikk innom.

Dei har idear om å bruke hydro- gen til drivstoff for bilar og varme husa med overskotsvarme frå produksjonen.

 

Det er kjekt å få gjere noko anna enn berre skulearbeid. Vi ligg veldig godt an framfor presen- tasjonen som skal vere torsdag kveld,  seier  gruppa  med Nora

Marii Uggedal Stige, Dithurshiya Mangaleswaran, Heidi Kval- våg Hofseth og Markus Hurlen Klokk.

 

Til oppgåva skal dei lage både ein fysisk og digital modell av prosjektet.

Det nye omsorgssenteret har solcellepanel. Vi må finne ut kor mykje dei produserer. Ein del av oppgåva går ut på å finne ut kor mykje solcellepanel ein må ha for å erstatte dei fire vindmøllene på Harøya, seier dei.

SR Bilde 3

- Vi ligg godt an med arbeidet seier f.v. Nora Marii Uggedal Stige, Dithurshiya Man- galeswaran, Heidi Kvalvåg Hofseth og Markus Hurlen Klokk.

sr bilde

 Gruppa er godt i gang med planlegginga. F.v. Kristians Janis Mutrevics, Dominik Kaptur, Anna Linnea Myhren Buseth og Jasvini Selladurai.

 

 

 

E-post