Strategiplan

Strategiplan for interkommunalt samarbeid om barnehage, skule og SFO på nordre Sunnmøre 2017 - 2025

Innleiing:
Nordre Sunnmøre har eit barnehage- og skuleeigarnettverk med nært samarbeid både på person- og organisasjonsnivå. Ein sterk kultur for deling og kompetansebygging er eit vesentleg fundament for regionalt samarbeid. Dei barnehage- og skulefagleg ansvarlege i kommunane har ein felles arena for erfaringsutveksling og kompetanseutviklande tiltak. Det gjeld også utdanning, kurs, opplæring og samarbeid om store nasjonale satsingar.

Nordre Sunnmøre region i tal:
-  11 kommunar: Ålesund, Giske, Haram, Sula, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sykkylven, Sandøy
68 skular og 81 barnehagar (inkl. private skular og barnehagar)
1370 tilsette i skule og 1132 tilsette i barnehage

SR oppvekst sitt mandat:

Nettverket i Sunnmøre regionråd oppvekst skal legge til rette for kvalitetsutvikling, interkommunale kompetansetiltak og  felles interkommunale satsingar og vere ein arena for erfaringsutveksling og dialog for barnehage, skule og SFO.

Samarbeid med UH-miljøa:

Ei prioritert oppgåve for SR-oppvekst er å skape gode samarbeid med UH-sektoren. Mellom anna for å tilby formell kompetanse til kommunane i tråd med nasjonale og fylkeskommunale retningsliner.

 

"Saman bygger vi kompetanse for framtida"

nyhet SR bilde

 

 

Strategiplan_pr._10.11.17.docx

 Les meir ved å trykke på linken over.

E-post