Må utbetre fjellovergangane

knut opeide statens vegvesenMed Strynefjellet i for dårleg forfatning sendte regionrådet fredag 9. desember ein uttale om fleire fjellovergangar og riksvegar som sårt treng utbetring.


Regionrådet sendte si uttale og anbefaling i høve KVU-rapporten med støtte opp om Statens vegvesen si anbefaling der ein legg til grunn rv 52 Hemsedalsfjellet i tillegg til E 134 Haukelifjell.

- Det er desse to fjellovergangane, som kombinert, dekker dei sentrale behova med redusert reisetid og transportkostnader for næring- og persontransport. Samtidig som at det trengs betra vinterregularitet.   

Strynefjellet, treng sikring

Samtidig stiller Sunnmøre regionråd IKS seg bak kravet om betring av rv 15 over Strynefjellet.

- Rv 15 er i så dårleg fortfatning at den har stor avvisningseffekt for godstransport, både tunellane si forfatning og rasfare elles på vegen er årsakane.

- Vi ber om at ny tunell på Strynefjellet vert bygd, tunellen må eliminere både dagens tunellar og rasutsette vegstrekningar som ligg. Tiltaket vil avlaste E136 samt sørge for betre utnytting av potensialet til Kvivsvegen og Eiksundsambandet.

I forbindelse med ny tunell på Strynefjellsvegen ber regionrådet om at det vert tunellarm til Geiranger. Tiltaket vil utløyse heilårsturisme i Geirangerområdet og føre til auka omsetning for reiselivsbransjen i heile Sør-Norge.

 

Emneord: Høringssvar

E-post